English version of this page

Tofaktorautentisering i Mattermost for IT-tilsette

Korleis setje opp den innebygde tofaktorautentiseringsløysinga (2FA) i Mattermost.

IT-tilsette skal bruke Mattermost si eiga løysning til tofaktorautentisering.

Løysninga gjev berre eingongspassord, ikkie push-meldingar slik Microsoft Authenticator stort sett gjer. Godkjende autentiseringsapplikasjoner er definert i LSIS. Du kan bruke enten Microsoft Authenticator, Google Authenticator eller Enpass.

Rettleiinga beskriv korleis du sett opp tofaktorautentisering med Microsoft Authenticatior.

Klikk på brukaren din øvst i venstre hjørnet av Mattermost og gå til Profile.

Skjermbilde av Mattermost

I Profile-vindauget vel du fyrst Security og så Edit-innstilling for Multi-factor Authentication.

Skjermbilde av Mattermost

Klikk på Add MFA to Account.

Skjermbilde av Mattermost

I autentiseringsapplikasjonen din lagar du ei ny oppføring og les inn QR-koden. I Microsoft Authenticator klikkar du på Pluss-teiknet, vel Jobb- eller skolekonto og Skann QR-kode.

Skjermbilde av Microsoft Authenticator

Skriv inn MFA-koden frå Authenticatorappen i Mattermost.

Skjermbilde av Mattermost

Publisert 17. jan. 2023 11:00 - Sist endret 26. mars 2024 14:39