English version of this page

Korleis bruke Todo i Mattermost

Veiledninga viser korleis du kan lage ein liste over oppgåver (todos) for deg sjølv, og sende og motta enkeltoppgåver til og frå andre.

I Mattermost kan ein opprette oppgåvelistar i ein eigen Todo-liste eller i Boards (KANBAN).

Denne vegleiinga viser korleis du bruker Todo. Todo er tilgjengeleg frå ein liste-knapp heilt i høgre kolonne eller gjennom knappane nedst til venstre i applikasjonen, og ved bruk av /slash-kommandoar.

Merk at Todo er ikkje tilgjengeleg i mobiltelefonversjonen av Mattermost. På mobiltelefon har du berre tilgang til Todo-bot og /slash-kommandoar.

Skjermbilde av chat-vinduet til Todo bot i Mattermost

Oppretta di eiga oppgåveliste (Todo)

Skjermbilde av Todo-pluginen, hvor oppgaveliste vises og hvor du kan legge til oppgaverSom nemnt, får du tilgang til Todo ved å klikke på knappen (ikonet) i den høgre kolonna i Mattermost. 

My Todos er delt i to:

  • INCOMING TODOS - Når nokon sender deg enkeltoppgåver, kan du velje å legge dei til lista di ved å klikke på Add to my list.
  • MY TODOS - Di eiga personlige oppgåveliste. Vert generert av innkomne oppgåver og oppgåver du vel å leggje til med knappen Add Todo.

Når du opprettar ein Todo kan du velje  Assign to... og skrive inn brukarnamnet deira for å sende oppgåva til vedkomande.

Du kryssar av oppgåva når den er fullført.

My Todos er kopla til ein bot, og den gir deg ei melding kvar gong du loggar deg på Mattermost.

Publisert 25. mars 2024 09:07 - Sist endret 26. mars 2024 14:59