Varslingar i Mattermost
Mattermost har eit sett med standard varslingsinnstillingar. Du kan endre innstillingane for heile applikasjonen, men du kan også gjere endringar i dei ulike kanalane du er ein del av. Dersom du ønskjer å endre nokre av dei gjer du det slik:
Generelt
- Klikk på brukarnamnet ditt, øvst i den blå menyen til venstre på skjermen.
- Klikk deretter på Account Settings.
- I popup-en som dukkar opp, klikk på Notifications.
- Her kan du endre innstillingane når det gjeld desktop, e-post og mobil, i tillegg til svarvarslingar og mentions.
- Gjer endringen du ønskjer og klikk Save.
I kanalen
- Gå inn på kanalen du ønskjer å endre varslingsinnstillingane til.
- Øvst til venstre, ved sidan av den blå menyen, står namnet til kanalen saman med ei stjerne. Klikk på namnet.
- Klikk Notification Preferences.
- Gjer endringane du ønskjer og klikk Save.
Publisert 12. feb. 2019 13:58
- Sist endret 16. mars 2021 17:22