Kva kan vi bruke livsvitskap til?

Livsvitskap gir ny innsikt som bidreg til å løyse globale samfunnsutfordringar innan helse og miljø. Livsvitskapen er grunnlaget for nye produkt, tenester og arbeidsplassar og omstilling til ein grønare økonomi.

Forskarar ved UiO jobbar med på løyse helse- og miljøutfordringer.
Forskarar ved UiO jobbar med på løyse helse- og miljøutfordringer.  Les meir om forskinga.

Livsvitskapen gir ny innsikt som blant anna gir betre metodar for å diagnostisere, førebygge og behandle sjukdomar. I tillegg kan vi få kunnskap som kan brukast til berekraftig forvalting av naturressursar, for eksempel fiskebestanden.

Betre helseteneste

Livsvitskap fører til nye løysingar spesielt innan helsesektoren. Ved å for eksempel føre saman matematikk og biologi kan forskarar no lese av genmaterialet slik at legane etter kvart i større grad kan skreddarsy doseringa av medisinar til kvar enkelt av oss. Tidleg diagnose, meir effektiv behandling og god rehabilitering av dei som er sjuke, vil føre til reduserte kostnader i helsetenesta.

Verdiskaping og omstilling av norsk økonomi

Livsvitskap gir oss nye produkt, tenester og arbeidsplassar. Allereie no ser vi resultat. Om lag 70 prosent av patenta som blir tekne ut gjennom UiO sitt innovasjonsselskap Inven2, kjem frå livsvitskap. Firmaet Algeta er eitt eksempel på tverrfagleg samarbeid som har gitt resultat (les meir om det i Uniforum).

Løysingane som livsvitskapen kjem fram til, vil i stor grad vere biobaserte. OECD spår at bioøkonomien vil vere eit berande element for økonomien i Europa økonomi innan 40 år. Å satse på livsvitskap er derfor viktig for det framtidige næringslivet, og Noreg har store moglegheiter til å utvikle nye og grønare næringar frå grunnforsking. Livsvitskap vil bidra til å styrke konkurransekrafta og omstillingsevna i det norske næringslivet, i tillegg til å møte dei store samfunnsutfordringane.

UiO i front

Satsinga på livsvitskap ved UiO spring ut frå det unike potensialet som finst i forskingsmiljø våre innan ei rekke ulike fag. UiO ønskjer å ta på seg eit nasjonalt ansvar for å drive fram eit internasjonalt livsvitskapsmiljø, og satsar på å bli eit nordisk kraftsenter for livsvitskap. Eit nytt bygg for livsvitskap er ein viktig del av satsinga.

Publisert 25. mars 2015 08:52 - Sist endra 22. mai 2016 14:05