English version of this page

Karakterar

Sensur

  • Du får eksamensresultatet i Studentweb seinast tre veker etter eksamen, åtte veker for masteroppgåver.

Karaktersystemet

Karaktersystemet består av ein ugradert karakterskala med bestått eller ikkje bestått og ein gradert karakterskala med bokstavkarakterar frå A til F.

Bestått/ikkje bestått

Karakterskalaen med bestått og ikkje bestått er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med den graderte karakterskalaen.

Bokstavkarakterar

Bokstavkarakterskalaen er ein gradert skala, der A er beste karakter, E er lågaste beståtte karakter og F er stryk. Karaktersetjinga tek utgangspunkt i kvalitative skildringar for det enkelte karaktertrinnet i karakterskalaen.

Nedanfor ser du dei generelle, kvalitative skildringane av vurderingskriteria som blir lagde til grunn for sensurering med bokstavkarakterskalaen.

Fleire fagmiljø har fastsett meir detaljerte skildringar av karakterane.

A – Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

B – Mykje god

Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

C – God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

D – Nokså god

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

E – Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

F – Ikkje greidd

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.


Tidlegare karaktersystem

UiO endra karaktersystem i 2003. Les meir om karaktersystemet før 2003.

 

Publisert 30. okt. 2014 07:29 - Sist endret 14. des. 2016 15:36