English version of this page

Sjuk på eksamen / utsett eksamen

Dersom du er sjuk på eksamenstidspunktet eller har annan gyldig grunn til ikkje å ta eksamen, kan du få godkjent gyldig fråvær. Med gyldig fråvær brukar du ikkje eit forsøk, og du kan søkje om utsett eksamen eller utsett innleveringsfrist.

Kva er gyldig fråvær?

Gyldig fråvær må vere dokumentert og kan bli godkjent på grunnlag av følgjande:

  • Sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorgsansvar for
  • Fødsel
  • Dødsfall i nær familie
  • Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll

Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll kan vere til dømes militærteneste, rettssaker eller politisk representasjon. Også idrettssamlingar eller kulturarrangement på høgt nivå kan bli godkjent.

Ein student som er gravid, har rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden mellom tre veker før termin og seks veker etter fødsel. Far/medmor har rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden to veker etter fødsel.

Nervøsitet, søvnløyse, trafikkforseinkingar, private reiser eller tilsvarande gir ikkje rett til utsett eksamen. Sjukdom i førebuinga til eksamen gir normalt ikkje rett til utsett eksamen. Ved lengre sjukdom i førebuinga til eksamen bør du vurdere å søkje permisjon.

Kva er utsett eksamen?

Utsett eksamen er ein eksamen som vert arrangert for deg som har gyldig fråvær på ordinær eksamen. Ved heimeeksamen over fleire dagar og ved innleveringar kan du få utsett innleveringsfrist i staden for utsett eksamen.

Utsett eksamen vert halden innan utgangen av same semester eller tidleg i neste semester. For emne som har eksamen kvart semester, kan studentar med gyldig fråvær bli viste til neste ordinære eksamen.

Du kan vanlegvis søkje om utsett eksamen eller utsett innleveringsfrist samtidig med at du søkjer om gyldig fråvær frå eksamen.

Nokre studium har eigne ordningar:

Søknadsfrist

Fristen er tre kalenderdagar etter eksamen. Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.

Dersom du søkjer om utsett innleveringsfrist på ein heimeeksamen over fleire dagar eller på ei innlevering, må du gjere dette før eksamenen er ferdig.

Ved alvorleg sjukdom kan fakultetet gi dispensasjon frå fristen dersom det vert dokumentert at du ikkje kunne søkje innan fristen.

Dokumentasjon

Gyldig dokumentasjon er legeattest, stadfesting av fødsel/termin eller tilsvarande.

Legeattestar må ha underskrift og stempel frå legen, eller digital signatur, for å vere gyldig. Legeattesten må vise perioden og omfanget av sjukmeldinga, og det må gå klart fram av attesten at du var sjuk på eksamenstidspunktet. Dersom du må avbryte ein skuleeksamen eller ein heimeeksamen med varigheit på mindre enn ein dag, må legeattesten i tillegg vere utstedt på eksamensdagen.

Du lastar opp dokumentasjonen i nettskjema. Dersom du har dokumentasjon på papir, kan du skanne eller ta bilete av den. Ta vare på dokumentasjonen til du har fått svar på søknaden.

Slik søkjer du

Fyll ut søknadsskjemaet og last opp dokumentasjon: 

Ved munnleg eksamen må du også gi beskjed direkte til emnet sitt kontaktpunkt. Du finn kontaktinformasjon på kvar emneside.

Dersom fråværet gjeld fleire eksamenar, må du levere ein søknad per eksamen. 

Merk: MN-fakultetet har eigne reglar for oppmelding til utsett eksamen.

Slik blir søknaden behandla

Fakultetet eller instituttet som er ansvarleg for eksamenen tek imot søknaden. 

Dersom du får godkjent gyldig fråvær, får du ei kort tilbakemelding på e-post. Du kan også sjå konklusjonen i Studentweb under menyvalet "Resultat". 

Dersom du ikkje får godkjent gyldig fråvær, får du ei kort tilbakemelding på e-post med informasjon om kva som manglar i søknaden eller dokumentasjonen.

Du har rett til å klage på fakultetet sine avgjerder om gyldig fråvær. UiO si nemnd for studentsaker er klageinstans i denne typen saker.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

Publisert 25. aug. 2021 11:15 - Sist endret 24. aug. 2023 19:40