STV4452 – Evaluering: Teoriar, metodar, erfaring

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Formål med emnet er å gi ei innføring i teori, metode og debatt omkring evaluering i offentleg sektor. Det blir lagt særleg vekt på evaluering av institusjons- og policy-reformar. I emnet blir evaluering analysert både som ledd i politisk-demokratiske prosessar og som reidskap i forvaltningsutvikling. Emnet er bygd opp omkring gjennomgang av praktiske evalueringsprosjekt som blir drøfta i lys av teori om evaluering og kunnskapsforvaltning.

Emnebeskrivelse (utfyllende informasjon om lover, regler og forskrifter tilnyttet emnet)

Kva lærer du?

Emnet skal gi grunnlag for å lage opplegg for og/eller gjennomføre eigne evalueringsprosjekt. Dette vil m.a. seie kunnskap om å utforme eit evalueringsdesign, å ta stilling til gjennomføringsstrategi, å vurdere metodar som skal medvirke til organisasjonslæring og å drøfte legitimitetsproblem som kan oppstå i tilknyting til evalueringsprosjekt.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Bachelorprogram i statsvitskap eller tilsvarande.

Anbefalte forkunnskapar

Bachelorprogram i statsvitskap eller tilsvarande.

Undervisning

Emnet vil bli gitt i form av 9 dobbelttimar med forelesingar og 3 dobbelttimar med seminar. Du må delta på minst 2 seminar for å få emnet godtkjent. Seminara vil vere ei støtte for skriving av heimeoppgåva. Eitt seminar vil ha form av ein ekskursjon.

Eksamen

Du blir vurdert ut frå ei heimeoppgåve over sjølvvald problemstilling (10-15 sider) og ein skriftleg eksamen (5 timar).

Alle problemstillinger skal speile emne sitt pensum. Dei sjølvalde problemstillingene må godkjennast av emenansvarleg før innleveringa. Hvis heimeoppgåve ikkje speiler pensum eller om ho ikkje har vorte godkjend av emneansvarleg, vil oppgåva bedømmast til karakteren F.

Heimeoppgåva og skriftleg eksamen blir vurdert kvar for seg, og begge må vera bestått. Det blir gjeve ein samla bokstavkarakter der karakterane frå heimeoppgåva og skriftleg eksamen tel likt.

Grunngjeving og klage

Anna

Emnet kan tas både som 10 (STV4158B) og 15 (STV4158) studiepoeng. Ordninga gjeld til og med våren 2007. B-varianten kan tas av alle studentar. A-varianten kan kun tas av studentar på gamal ordning, sjå reglane for overgang under presentasjonen av masterprogrammet. A-varianten (STV4158) skiljer seg frå B-varianten (STV4158B) i at pensum på A-varianten er 400 sider lengre.

I tillegg til skoleeksamen og heimeeksamen må studenten også levere ei ekstra heimeoppgåve (10-15 sider) med innleveringsfrist 3 uker etter at den/de fyrste oppgåva/ne er levert. Studentar som tar A-varianten, skal følje same undervisning og forholde seg til same eksamensdato som gjeld for B-varianten.

Fakta om emnet

Studiepoeng
15
Undervisning

Vår 2004

Eksamen

Vår 2004

Undervisningsspråk
Norsk