Emne og emnegrupper

Emne er byggeklossane i studieprogramma. Nokre emne er obligatoriske i studieprogrammet, mens du står friare til å velje andre.

Emne

Eit emne har vanlegvis eit omfang på mellom 5 og 20 studiepoeng. Ein fulltidsstudent tek emne tilsvarande 30 studiepoeng per semester.

Alle emna ved UiO har ein unik kode som består av bokstavar og tal. Bokstavane speglar ofte fagtilknytinga eller emnenavnet for faget: ARA tyder for eksempel "arabisk", mens STV tyder "statsvitskap". Talkoden har som regel fire siffer, der første siffer viser studienivået for emnet:

  • 0 = reiskapsemne for andre emne
  • 1 = grunnemne på bachelornivå
  • 2/3 = vidaregående emne på bachelornivå
  • 4/5 = emne på masternivå
  • 9 = emne på ph.d.-nivå

Alle emne ved UiO

Emnegrupper

Ei emnegruppe er ein kombinasjon av emne frå eitt eller fleire fagområde som er definerte til å utgjere ei samla eining. Dei fleste emnegruppene er på anten 80 eller 40 studiepoeng. I nokre emnegrupper er alle emna obligatoriske, mens du i andre kan velje mellom fleire samansetningar.

Emnegrupper er vanlegast i studieprogram på bachelornivå. Nokre emnegrupper utgjer ein obligatorisk kjerne i eit program, mens andre er støttefag. Enkelte emnegrupper er kun knytte til eitt program, mens andre kan brukast i forskjellige program. Val av emnegruppe kan ha konsekvensar for valalternativ for vidare masterstudier.

Alle emnegrupper ved UiO

Frie emne

Eitt fritt emne er eit emne som ikkje er bunde i programomtalen. Når studieprogrammet ditt gir høve til å ta frie emne som del av graden din, kan du altså sjølv velje dei emna du ønskjer. Ver merksam på kva frie emne du veljer. I nokre tilfelle kan det avgjere kva masterprogram du kan få opptak til.

Emneoverlapp

Nokre emne kan ha heilt eller delvis same innhald, det vil seie at dei overlappar kvarandre. Dersom du har avlagt eksamen i to emne som overlappar kvarandre, vil du ikkje få full studiepoengutteljing dersom du skal bruke begge i den same graden. Kravet om kor mange studiepoeng som skal inngå i graden må være oppfylt etter at det er teke omsyn til eventuelle overlapp mellom emne. Emneomtalane angir eventuelle overlapp mellom emne.

Publisert 23. apr. 2010 22:21 - Sist endra 18. sep. 2014 10:49