Mastergrad

Mastergrad kan du oppnå etter å ha fullført studieprogram på høgare grads nivå. Dei fleste masterprogramma er toårige og byggjer på den faglege fordjupinga frå bachelorgraden.

UiO tilbyr masterprogram i fleire kategoriar:

  • Toårige, byggjer på bachelorgrad (120 studiepoeng)
  • Toårige, byggjer på ei treårig profesjonsutdanning (120 studiepoeng)
  • Femårige, har same opptakskrav som eit bachelorprogram (300 studiepoeng)
  • Engelskspråklege, 1½ eller 2 år, ofte basert på internasjonale avtalar (90 eller 120 studiepoeng)
  • Erfaringsbaserte, 1½ eller 2 år (90 eller 120 studiepoeng)

Alle masterprogram

Mastergradsoppgåva

Mastergradsoppgåva er ein vesentlig del av mastergraden, og har vanlegvis eit omfang på 20-60 studiepoeng. Det er obligatorisk med rettleiing når du arbeider med masteroppgåva. For detaljert informasjon om mastergradsoppgåva, sjå omtalen av det enkelte studieprogrammet eller emnet.

Mange av masteroppgåvene ved UiO blir publisert i DUO, Digitale utgivingar ved Universitetet i Oslo.

Masteroppgaver i DUO

Publisert 23. apr. 2010 22:43 - Sist endra 26. apr. 2016 12:53