Studieprogram

Eit studieprogram er eit samanhengande studieløp bygd opp av emne og emnegrupper. Lengda på studieprogramma avheng av kva grad dei fører til.

UiO sine studieprogram omfattar:

  • årsstudium
  • treårige bachelorprogram
  • femårige masterprogram
  • seksårige profesjonsstudium
  • 1½- og 2-årige masterprogram som byggjer på bachelorprogramma.

Bachelorprogram

Eit bachelorprogram er treårig (180 studiepoeng) og fører fram til graden bachelor. Ei rekkje av bachelorprogramma har ei fast oppbygging, mens du i andre står friare til å velje kva emne og emnegrupper som skal vere med. I dei studieprogramma der du kan velje friare, må du setje saman studiet etter retningslinjer fastsette av universitetet for å oppnå bachelorgraden.

Alle bachelorprogram

Årseiningar

Dei eittårige studieprogramma, såkalla årseiningar, er avsluttande studium på 60 studiepoeng. Ei årseining kan ein ofte bruke som del av ein bachelorgrad, eller ho kan vere avsluttande i seg sjølv, for eksempel som eit års vidareutdanning.

Alle årseiningar

Masterprogram - 1 1/2 eller 2 år

Masterprogramma byggjer på den faglege fordjupninga i bachelorgraden og fører fram til graden master. Masterprogramma varer i 1½ eller 2 år (90 eller 120 studiepoeng), og omfattar blant anna eit større skriftleg, sjølvstendig arbeid. UiO tilbyr også enkelte masterprogram som byggjer på ei treårig profesjonsutdanning, for eksempel sjukepleie, attåt enkelte erfaringsbaserte masterprogram som byggjer på ein kombinasjon av utdanning og arbeidserfaring.

Alle masterprogram på 1 1/2 eller 2 år

Masterprogram - 5 år

UiO har ei rekkje femårige studium som startar på lågare grads nivå, men som etter fullført studium gir graden master. Studia i ernæring, farmasi, lærerutdanning (lektorprogrammet), odontologi, rettsvitskap og samfunnsøkonomi er slike femårige studium.

Alle 5- og 6-årige program

Profesjonsstudium - 6 år

Dei seksårige studia i medisin, psykologi og teologi gir eigne gradar; cand.med, cand.psychol og cand.theol.

Alle 5- og 6-årige program

Publisert 23. apr. 2010 22:19 - Sist endra 28. apr. 2015 11:07