Dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse

Du kan i heilt spesielle tilfelle få innvilga unntak frå kravet om generell studiekompetanse.

Kven kan søkje om dispensasjon?

  • Du har ikkje generell studiekompetanse
  • Grunnen til at du ikkje har vore i stand til å oppnå generell studiekompetanse er varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande
  • Du kan dokumentere desse forholda

Du kan berre få innvilga dispensasjon i heilt spesielle tilfelle. Normalt vert det berre gitt dispensasjon frå eitt fag. Eit eksempel på grunnlag for å søkje dispensasjon er at du ikkje har greidd faget matematikk grunna dyskalkuli. 

Samordna opptak har meir informasjon om korleis du søkjer (samordnaopptak.no).

Får du dispensasjon, gjeld det berre for dette eine opptaket. Søkjer du høgare utdanning igjen seinare, må du søkje dispensasjon på nytt. Saksbehandlaren din vil da gjere ei ny vurdering av søknaden din.

Krav til dispensasjon ved UiO

Krava gjeld både for søknad om opptak til studieprogram og enkeltemne:

Norsk og engelsk

Du må dokumentere:

  • kunnskapar i norsk (eller eit anna nordisk språk) tilsvarande tredjeklassenivå
  • kunnskapar i engelsk tilsvarande førsteklassenivå frå vidaregåande skule, studieførebuande utdanningsprogram

Normalt blir norsk og engelsk dokumentert med faga frå videregåande skule ført på kompetansebevis.

Tilleggskrav

  • Dersom eit studieprogram har spesielle opptakskrav må desse dekkjast på vanleg vis. Du kan altså ikkje få innvilga dispensasjon frå spesielle opptakskrav.
  • Merk at mange studieprogram og emne ved UiO har tilleggskrav om matematikkunnskaper tilsvarende kravet som inngår i generell studiekompetanse. Sjå oversikt over tilleggskrava.

Enkeltemnestudent med dispensasjon

Ønskjer du å vere enkeltemnestudent ved Universitetet i Oslo, må du bli vurdert for alle emna du ønskjer å ta. Du må søkje innan fristen og oppgi emna du vil ta på eit eige skjema.

 

Publisert 20. nov. 2014 09:45 - Sist endra 9. feb. 2022 15:14