Spesielle opptakskrav
Nokre studieprogram stiller i tillegg til generell studiekompetanse også krav om spesielle fag og/eller karakterkrav frå vidaregåande skule.
Medisin, odontologi, ernæring og farmasi:
Du må ha ein av desse:
- Matematikk R1
- Matematikk (S1+S2)
Og begge desse:
- Fysikk 1 og Kjemi (1+2)
Informatikk: nanoelektronikk, og robotikk (bachelor):
Du må ha Matematikk R1 eller Matematikk (S1+S2)
Informatikk: programmering og nettverk (bachelor):
Du må ha Matematikk R1 eller Matematikk (S1+S2)
Program innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi:
Du må ha ein av desse:
- Matematikk R1
- Matematikk (S1+S2)
Og ein av desse:
- Matematikk (R1+R2)
- Fysikk (1+2)
- Kjemi (1+2)
- Biologi (1+2)
- Informasjonsteknologi (1+2)
- Geofag (1+2)
- Teknologi og forskningslære (1+2)
Samfunnsøkonomisk analyse (master - 5 år):
Du må ha Matematikk R1 eller Matematikk (S1+S2)
Lærerutdanning (Lektorprogrammet):
Søkjarar til studieretningane Kultur- og samfunnsfag, Nordisk og Fremmedspråk må ha:
- minimum 35 skulepoeng
- eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timer)*
- eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i matematikk (224 timer). Har du bestått eit programfag i matematikk (S1, S2, R1 eller R2), dekkjer du kravet uansett karakter i dette programfaget
Søkjarar til studieretning Realfag må ha:
- minimum 35 skulepoeng
- eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timer)*
Og ein av desse:
- Matematikk R1
- Matematikk (S1+S2)
Og ein av desse:
- Matematikk (R1+R2)
- Fysikk (1+2)
- Kjemi (1+2)
- Biologi (1+2)
- Informasjonsteknologi (1+2)
- Geofag (1+2)
- Teknologi og forskningslære (1+2)
* Har du samisk som førstespråk eller andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk for gjennomsnittet av karakterane i norsk (309 timer) og samisk (309 timer). Har du norsk teiknspråk eller finsk som andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk gjennomsnittet av karakterane i første– og andrespråk.