English version of this page

Om Studentweb

Studentweb er ei teneste for studentar på UiO. I Studentweb registrerar du studiegangen din og ser kva som er registrert om deg som student.

Logg på Studentweb

Studentweb krever at datamaskinen/mobilen/nettbrettet du bruker har JavaScript installert og aktivert.

Slik logger du på

  • Med UiO brukarnamn og passord, dvs. Feide. Les om korleis du finn brukarnamnet og set passord.
    • Du må velje knappen 'Bruk arbeids- eller skolekonto'.
    • Når du har trykt på knappen 'Bruk jobb- eller skolekonto' blir du sendt til Microsoft-innlogging, kor du må skrive inn brukarnamnet ditt slik: brukarnamnet@uio.no.
    • Så blir du bede om UiO-passordet ditt.
    • Deretter møter du krav om tofaktorautentisering (2FA), eller veiledningen for å sette opp 2FA, dersom du ikke har gjort det opp allereie.
    • Treng du hjelp? Sjå rettleiinga for 2FA.
  • Med ID-porten – ein sikker innloggingsløysing med elektronisk ID fra MinID, BankID, Buypass og Commfides. Du må ha norsk fødselsnummer eller D-nummer.
  • Skal du melde deg til emne som enkeltemnestudent? Det er viktig at du loggar på Studentweb med ID-porten, og ikkje Feide. (Seinare, når du har plass på eit emne, har registrert deg og betalt semesteravgifta, kan du bruke Feide for å logge deg på Studentweb.) 


    Bildet kan inneholde: font, skjermdump, parallell, rektangel, antall.

Hjelp med Studentweb

Meir om opplysningane om deg i Studentweb

Oversikt over mykje av kva du kan gjere og sjå i Studentweb:

  • Registrere studieløp og anna
    • fylle ut og lagre utdanningsplanen
    • registrere deg
    • søkje plass på undervisninga
    • melde deg til eksamen og trekke eksamensmeldingar
    • be om grunngjeving for og klage på eksamensresultat
    • endre semesteradresse
    • reservere/akseptere oppføring i UiOs personsøketjeneste
    • oppgje kva målform du generelt nyttar
    • oppgje kor du ønsker å nytte stemmeretten din
    • bestille digitalt signert karakterutskrift
    • bestille digitalt signert stadfesting på om du er programstudent
    • bestille semesterkvittering
    • opprette faktura for semesteravgift
  • Sjå andre opplysningar om deg
    • resultat av undervisningsopptak dette semesteret
    • eksamensmeldingar
    • eksamensresultat
    • oppnådde gradar
    • e-postar, sms-er og brev UiO har sendt deg via studentsystemet FS
    • betalingsinformasjon for semesteravgifta dette semesteret
    • opplysninger om deg som er sendt fra UiO til Lånekassen

Studentweb-tenesta er kryptert

Det vil seie at opplysningane du gjev, ikkje blir sendt i klartekst, men koda til ein uforståeleg tekst. Da kan ikkje andre enn deg og saksbehandlaren ved UiO lese han.

Spørsmål?

Kontakt Knutepunktet.
Om Knutepunktet ikkje kan hjelpe deg, vil dei vise deg til riktig stad.

Publisert 13. mai 2013 10:07 - Sist endra 28. feb. 2023 09:35