English version of this page

Om Studentweb

Studentweb er ei teneste for studentar på UiO. I Studentweb registrerar du studiegangen din og ser kva som er registrert om deg som student.

Logg på Studentweb

Studentweb krever at datamaskinen/mobilen/nettbrettet du bruker har JavaScript installert og aktivert.

Slik logger du på

  • Med UiO-brukarnamn og passord, dvs. Feide. Les om korleis du finn brukarnamnet og set passord.
  • Med ID-porten - ein sikker innloggingsløysing med elektronisk ID fra MinID, BankID, Buypass og Commfides. Du må ha norsk fødselsnummer eller D-nummer.
  • Skal du melde deg til emne som enkeltemnestudent? Du må logge på Studentweb med ID-porten fram til du har fått plass på eit emne, har registrert deg og betalt semesteravgifta for aktuelt semester. Var du enkeltemnestudent førre semester? Da kan du logge på med Feide også i august dersom du har huska å byte passordet ditt før det er gått eit år.

Hjelp med Studentweb

Studentweb-tenesta er kryptert

Det vil seie at opplysningane du gjev, ikkje blir sendt i klartekst, men koda til ein uforståeleg tekst. Da kan ikkje andre enn deg og saksbehandlaren ved UiO lese han.

Spørsmål?

Kontakt Knutepunktet.
Om Knutepunktet ikkje kan hjelpe deg, vil dei vise deg til riktig stad.

 

Publisert 13. mai 2013 10:07 - Sist endra 4. mai 2018 12:00