English version of this page

Etter du er komen heim

Etter utvekslingsopphaldet må du hugse å få karakterutskrift og søke om godkjenning. Her finn du ut korleis du gjer dette.

Karakterutskrift

Etter endt utveksling skal du få ei karakterutskrift frå lærestaden i utlandet. Sjekk med lærestaden om du må bestille karakterutskrift sjølv, eller om denne kjem automatisk til deg eller blir sendt til UiO. Dersom karakterutskrifta blir sendt automatisk til UiO, vil vi kontakte deg når denne er motteken.

Søk om godkjenning

Når du kjem tilbake frå utveksling må du søke om endeleg godkjenning av emna du har avlagt. Søknaden blir retta til fakultetet du tilhøyrer. Når emna dine er godkjende får Lånekassen beskjed. Finn søknadskjema og dokumentasjonkrav for ditt fakultetet.

Hjelp andre - levér rapport frå opphaldet

Du leverer din utvekslingsrapport i nettskjema på avtalesida til universitetet du har vore på.

  1. Finn din avtale her
  2. Lenke for levering finn du nederst på avtalesida