Bruk av bofh

bofh er eit kommandolinje-grensesnitt mot Cerebrum, brukaradministrasjonssystemet på UiO. På denne sida kan du lese om korleis du kan bruke bofh.

Kommandoar og kommandogrupper

bofh-kommandoar består av to ord, ei kommandogruppe og ein kommando. For å køyre ein kommando, må du taste inn navnet på kommandogruppa, eit mellomrom og så navnet på kommandoen du ønsker å køyre. Trykker du på retur (enter), vil kommandoen køyrast.

Dei fleste kommandoar vil i tillegg kreve meir informasjon – du kan legge denne informasjonen etter kommandoen. Om du ikkje gjer dette, vil du bli spurd om å taste inn denne informasjonen etter at du køyrer kommandoen.

Første gong du brukar bofh kan du gjerne prøve ut kommandoane:

person info ditt-uio-brukarnamn
user info ditt-uio-brukarnamn

Kommandoane vil vise noko av informasjonen om deg som ligg i Cerebrum. I den første kommandoen er person namnet på kommandogruppa, mens info er namnet på ein kommando i kommandogruppa. ditt-uio-brukarnamn er eit argument (ekstra informasjon) som kommandoen treng for å vite kva den skal gjere. Om du ikkje taster inn denne informasjonen, vil bofh spørje om dette.

bofh vil spørje om ekstra informasjon
bofh vil spørje deg om ekstra informasjon

Sidan bofh oppfører seg mykje som eit shell i Linux, kan du trykke <TAB> to ganger for å få ei liste over alle kommandogruppene som er tilgjengelege. Eit døme på ei slik liste er:

 jbofh>
 access      email       group       host        person      quarantine  spread
 disk        entity      help        misc        pquota      source      user

Du kan også trykke <TAB> etter at du har tasta inn ei kommandogruppe. Du vil då få ei liste over kommandoar i kommandogruppa, til dømes:

jbofh> person 
accounts                find                    info                    list_user_priorities
set_id                  set_user_priority

Desse listene kan sjå ulike ut hjå deg, då bofh viser berre kommandogrupper og kommandoar som du har tilgang til å bruke.

Få hjelp frå bofh

Om du ikkje har brukt bofh før kan kommandoen help vere bra å starte med. Kommandoen vil vise ein hjelpetekst på skjermen med ei kjapp innføring til bofh, samt rettleiing i å bruke help-kommandoen vidare.

For å få meir informasjon om kommandoane i ei kommandogruppe kan du skrive help kommandogruppe, som vil gje deg ei liste over tilgjengelege kommandoar, samt ei kort forklaring på kva kommandoen gjer. Legg merke til at du berre får sjå dei kommandoane du har tilgang til å utføre.

For meir informasjon om dei ulike kommandoane må du spørje bofh: help kommandogruppa kommandoen. Du finn dømer på bruk av fleire av kommandoane på dei andre sidene i denne dokumentasjonen.

Kjappe tips

  • <TAB> kan brukast til å fullføre kommandoar som er halvskrevne (om du trykker ein gang), eller gje deg ei liste over moglege kommandoar (om du trykker to gangar).
  • Skriv help kommandogruppe for å sjå informasjon om kommandoane i ei kommandogruppe, eller help kommandogruppe kommando for informasjon om kva ein kommando kan gjere.
  • Når du blir bedt om å oppgi data kan du i staden for skrive eit spørsmålsteikn og trykke <ENTER> for å få meir informasjon om det du vert bedt om. Eit døme:
    jbofh> person find 
    Enter person search type >?
    Possible values:
      - 'fnr'
      - 'name'
      - 'date' of birth, on format YYYY-MM-DD
      - 'stedkode'
    jbofh> person find 
    
  • Om du vil avbryte utføringa av ein kommando kan du trykke CTRL+d.
  • CTRL+c, samt CTRL+d når du ikkje har starta ein kommando, avsluttar bofh.
  • Treng du gjere samme operasjonen veldig mange ganger, kan du ha nytte av kommandoen source.
  • Du kan også gi en liste med argumenter til de fleste kommandoer ved å omslutte argumentene med parenteser, for eksempel person info (brukernavn1 brukernavn2).

 

Søk i veiledningene
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-support@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat
Publisert 25. mai 2010 08:02 - Sist endra 22. sep. 2023 21:29