Toppforsk-midlar til sterke livsvitskapsmiljø ved UiO

Åtte livsvitskapsprosjekt ved UiO får millionstøtte når Forskingsrådet og forskingsinstitusjonar deler ut midlar gjennom FRIPRO Toppforsk.

Kollasj livsvitenskapsforskere

Forskarar frå Det medisinske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har fått toppforsk-midlar til livsvitskapsprosjekt.

Forskingsrådet og forskingsinstitusjonane gir til saman ein milliard kroner til 46 prosjekt gjennom Fri prosjektstøtte (FRIPRO) Toppforsk. Kvart prosjekt får mellom 15 og 25 millionar kroner over 4 til 5 år.

Av dei 46 prosjekta som får støtte, er 17 UiO-prosjekt. Av desse igjen er 8 i kategorien FRIMEDBIO som fell inn under livsvitskapsforskinga ved UiO.

Dette var veldig gøy, og gir ypperlege moglegheiter til å ta forskinga til neste nivå. Ikkje minst er 5-årsperspektivet kjempeviktig.

professor Anders Fjell, Psykologisk institutt, UiO

 

Prosjekta som får støtte er:

  • Philippe CollasDynamic structural models of the 4D genome
    Philippe Collas, Institutt for medisinske basalfag, Det medisinske fakultet


     
  • Anne SimonsenLipid-binding proteins in autophagy – molecular mechanisms and links to disease
    Anne Simonsen, Institutt for medisinske basalfag, Det medisinske fakultet

     
  • Erlende Nagehus2-photon imaging of glial endfoot (dys)function in awake behaving mice
    Erlend Nagelhus, Institutt for medisinske basalfag, Det medisinske fakultet


     
  • Michael BretthauerCOLOSS – COLOn Screening and Surveillance: Comparative Effectiveness of Colorectal Cancer Screening and Surveillance
    Michael Bretthauer, Institutt for helse og samfunn, Det medisinske fakultet


     
  • Ragnhild LotheModeling tumor heterogeneity in colorectal cancer management
    Ragnhild Lothe, Institutt for klinisk medisin, Det medisinske fakultet



     
  • Kristine Walhovd, Rene Westerhausen og Anders FjellLifebrain: Breaking new ground in Lifespan Cognitive Neuroscience
    LCBC-gruppa (Livsløpsendringer i hjerne og kognisjon) som blir leia av Kristine Walhovd, Rene Westerhausen og Anders Fjell, Psykologisk institutt, Det samfunnsvitskaplege fakultet
     
  • Multi-scale brain plasticity – from molecules to behaviour in lifelong learning
    Marianne Fyhn, Institutt for biovitskap, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

     
  • Kjetill JakobsenEvolutionary and functional importance of simple repeats in the genome
    Kjetill Jakobsen, Institutt for biovitskap, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet  
Av Norunn K. Torheim
Publisert 28. jan. 2016 09:53 - Sist endret 22. mai 2016 13:23