Administrativ leiar i UiO:Livsvitenskap, Morten Egeberg, har oppretta fire arbeidsgrupper med interne og eksterne representantar som skal gi innspel til
- korleis satsinga skal jobbe med ulike miljø på og rundt UiO for å bygge eit innovativt kraftsenter for livsvitskap i Osloregionen
- kva som er flaskehalsane for å få meir innovasjon ut av UiO i dag
- kva tiltak satsinga kan sette i gang for å gjere noko med flaskehalsane og nå måla til satsinga
Etter innleiande møte i kvar gruppe, skal det lagast ei mindre, meir permanent, arbeidsgruppe som skal kome fram til kva tiltak satsinga skal sette i gang i 2017. Dette kan òg vere tiltak i relativt liten skala for å få betre forståing av kva som gir god effekt og kva som ikkje bør førast vidare – ei rask-prototyping-tilnærming.
- Innovasjon er eitt av seks fokusområde i UiO sin strategi for livsvitskap.
Les meir om strategien.