English version of this page

Reuters-video om antibiotikaforsking ved UiO

Britiske Reuters har besøkt forskingsgruppa til professor Pål Rongved ved Farmasøytisk institutt og laga ein video om den banebrytande teknologien deira mot antibiotikaresistente bakteriar.

Professor Pål Rongved og hans forskingsgruppe har laga stoff, såkalla sink-kelatorar, som har stor forsterkande effekt på antibiotika på marknaden når dei blir testa på ulike bakteriar – òg bakteriar som i utgangspunktet er resistente mot antibiotikumet.

Britiske Reuters besøkte Pål Rongved og Alexander Åstrand ved Farmasøytisk institutt ved UiO i mars. No er videoen Lab-created molecule could revive failing antibiotics frå besøket klar.

UiO:Livsvitenskap skreiv om forskinga til Rongved i haust:

Lovande resultat med nytt stoff mot antibiotikaresistente bakteriar

Behovet for nye legemiddel mot bakteriar er stort fordi ei rekke bakteriar no er motstandsdyktige mot antibiotika som er på marknaden. Forskarar ved Universitetet i Oslo har så lovande resultat med såkalla sink-kelatorar at både Forskingsrådet og ein kommersiell aktør støttar forskinga med fleire millionar kroner.

 

Av Norunn K. Torheim
Publisert 11. apr. 2016 16:08 - Sist endret 20. mai 2016 19:07