English version of this page

Livsvitskap: Dating på tvers av fag har gitt åtte nye konvergensmiljø

Diabetes, organdonasjon, bevisstheit, immunsystemet, bevis i valdtektssaker, mentale lidingar, medisinplantar og kreft. Dette er samfunnsutfordringar som skal undersøkast i tverrfaglege forskingsgrupper innan livsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Prosjektleiarane for dei nye konvergensmiljøa innan livsvitskap på første rad med partnarar under. ​​​​Frå venstre med forskingstema i parentes: Hanne Scholz (diabetes), Kåre-Olav Stensløkken (organdonasjon), Johan Frederik Storm (bevisstheit), Victor Greiff (immunsystemet), May-Len Skilbrei (bevis i valdtektssaker), Ole Andreassen (mentale lidingar), Hugo de Boer (medisinplantar) og Eirik Malinen (kreft). Gratulerer til alle!

UiO:Livsvitenskap skal finansiere åtte nye konvergensmiljø i perioden 2019–2023.

Dei tverrfaglege forskingsgruppene skal løyse store samfunnsutfordringar med metodar frå biologi, farmasi, filosofi, fysikk, genetikk, informatikk, jus, kulturhistorie, matematikk, medisin, musikkvitskap, naturhistorie, odontologi, psykologi, språkvitskap og teologi.

– Vi er sikre på at denne tverrfaglege tilnærminga vil bidra til ny innsikt, nye løysingar og på lang sikt auka verdiskaping, seier direktør for UiO:Livsvitenskap Carl Henrik Gørbitz.

29 stipendiat- og postdoktorstillingar – 100 millionar kroner

De åtte konvergensmiljøa får til saman 29 stipendiat- og postdoktorstillingar samt driftsmiddel – til saman rundt 100 millionar kroner over fire år.

Stillingane er knytta til på vertseiningar over heile UiO.

Direktør Carl Henrik Gørbitz

– Eg er svært nøgd med at så mange fakultet og einingar er med i dei nye konvergensmiljøa. Tverrfagleg samarbeid mellom medisin, naturvitskap, humaniora og samfunnsvitskap skjer ikkje av seg sjølv over natta. Det krev merksemd over lang tid for at vi skal få det til. Dette er enda eit steg i riktig retning. Innan det nye livsvitskapsbygget ved UiO står klart i 2024, er eg sikker på vi er der vi vil vere, seier Gørbitz.

Søknadsprosess over eitt år

Søknadsprosessen starta med informasjonsmøter i mai 2018. Forskarane vart oppfordra til å registrere profilar og idear på nett og møttes så for speed-dating på tvers av fagdisiplinar i september. Direktøren ga tilbakemeldingar på dei 41 prosjektskissene som kom inn i oktober.

Til slutt vart dei 36 søknadene som kom inn i desember, vurdert av internasjonale fagekspertar og så eit internasjonalt panel, før styret for UiO:Livsvitenskap fatta endeleg vedtak i mars 2019.

Speed-dating på tvers av fagdisiplinar har ein svært viktig funksjon i søknadsprosessen for konvergensmiljø.
Speed-dating på tvers av fag er ein svært viktig del av søknadsprosessen for konvergensmiljø innan livsvitskap ved UiO.

Dei åtte konvergensmiljøa 2019–2023

  • Artificial Biomimetic systems ­– the Niche of Islet Organoids (ABINO) vil vidareutvikle modellar for diabetesforsking ved hjelp av nye strategiar for modning av stamceller.
    Les meir (på engelsk).
  • Availability and function of donor organs: Debating the dead donor rule (DDR) vil auke tilgangen og funksjonen til donororgan til transplantasjon, samt skape merksemd og debatt i samfunnet om etiske spørsmål ved bruk av donasjon etter sirkulatorisk død.
    Les meir (på engelsk).
  • Consciousness and brain states: neuroscience studies and conceptual innovation (ConsciousBrainConcepts) vil vidareutvikle bevisstheitskonseptet for å løyse grunnleggande problemstillingar i bevisstheitsforsking.
    Les meir (på engelsk).
  • Linguistics-driven machine learning to decipher the molecular language of immunity (ImmunoLingo) vil forstå korleis sjukdom og gjenkjenning av antigen er koda i immunsystemet og utføre datasimuleringar for å få ny kunnskap som kan brukast til å førebygge og behandle sjukdom hos menneske.
    Les meir (på engelsk).
  • Medical, legal and lay understandings of physical evidence in rape cases (Evidently Rape) vil undersøke kva betyding fysiske bevis har – og kan ha – for korleis valdtekter blir behandla av medisinske og rettslege organ.
    Les meir (på engelsk).
  • MultiModal Mental Models: converging approaches from genomes to mental illness and interplay with psychosocial stressors (4MENT) vil forstå årsakar og sjukdomsmekanisme for fleire mentale lidingar med fokus på schizofreni, bipolare lidingar og liknande mentale tilstandar.
    Les meir (på engelsk).
  • Protons contra cancer (PROCCA) vil lage ein framifrå plattform for samarbeid innan protonterapi i Oslo og blant anna sjå korleis ein kan redusere kortsiktige og langsiktige biologiske biverknader av strålebehandling.
    Les meir (på engelsk).
  • Rediscovery of medicinal plant usage in the “Age of Exploration”: From cultural historical heritage to innovative pharmaceuticals (REA:Life) vil avdekke prosessane som har forma den sosiale og kulturelle utviklinga av medisin og identifisere bioaktive stoff i historiske medisinplanter ved hjelp av moderne analysemetodar.
    Les meir (på engelsk).

Bakgrunn 

Å finansiere konvergensmiljø med stipendiat- og postdoktorstillingar er det kraftigaste verkemiddelet UiO:Livsvitenskap har for å støtte opp under tverrfagleg samarbeid som skal bidra til ny innsikt og auka verdiskaping innan livsvitskap.

Dei seks første konvergensmiljøa vart etablert i 2017. Dette er andre runde med finansiering.

Livsvitskap

Livsvitskap er ein tverrfagleg vitskap som gir nye og avanserte svar på det gamle spørsmålet om kva liv er og kva aldring og sjukdom er.

UiO:Livsvitenskap

UiO:Livsvitenskap er ei tverrfagleg satsing som skal styrke kvalitet og samhandling i forsking; rekruttere, utdanne og utvikle talent; og fremme innovasjon innan livsvitskap for miljø og helse.

Nytt bygg for livsvitskap ved UiO

I 2024 skal det nye livsvitskapsbygget stå ferdig ved UiO. Bygget blir Noregs største forskings- og undervisningsbygg. Det skal bidra til internasjonal konkurransekraft og auka verdiskaping innan livsvitskap. Statsminister Erna Solberg tok første spadetak for bygget i februar 2019.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 26. mars 2019 12:40 - Sist endret 28. mars 2019 15:05