English version of this page

Kunnskap i bruk: 5 millionar i støtte til innovative UiO-forskarar

Rekordmange 63 søknader kom inn då UiO lyste ut innovasjonsmidlar i år. 23 prosjekt får no midlar frå rektoratet til å utvikle samfunnsnyttige løysingar. Vi gratulerer alle forskingsgruppene med tildelinga.

Bildekollasj alle prosjektleiarane

Dei 5 millionar kronene UiO har sett av til tidlegfasestøtte til innovasjonsprosjekt, er no delt ut. 11 prosjekt får 400 000 kroner kvar til test- og vidareutviklingsfasen, mens 12 prosjekt får 50 000 kroner kvar til idé- og konseptfasen.

Famnar breitt

Tildelingane famnar blant anna utvikling av nye vaksiner, verktøy som skal gi stemme til personar utan språk, utvikling av varmelagring for energieffektivisering og utvikling av undervisingsopplegg om evolusjon for elever på ungdomstrinnet. 

Per Morten Sandset
Viserektor for forsking og innovasjon Per Morten Sandset

 – På vegner av rektoratet vil eg gratulere alle som har fått tilslag på søknaden. Det er svært gledeleg at så mange forskarar har fått auga opp for innovasjonsmidlane våre. Vi fekk inn søknader frå seks fakultet. Det er ein milestolpe. Sjølv om tildelinga går til berre tre av desse, er den faglege breidda ved UiO godt representert, seier viserektor for forsking og innovasjon Per Morten Sandset.

– UiO har det siste året styrka arbeidet med innovasjon og innovasjonskultur ved blant anna å etablere innovasjonseininga Veksthuset for verdiskaping. Alle søkarane får no tilbod om oppfølging frå Veksthuset i form av rettleiing som kan hjelpe dei vidare med innovasjonsideen, seier Sandset.

Veksthuset for verdiskaping koordinerer søknadsprosessar

Veksthuset for verdiskaping har no hatt ansvar for utlysing av UiO sine innovasjonsmidlar. Veksthuset hadde sjølv utlysing av sine såkornmidlar i vår. 

Hilde Nebb
Innovasjonsdirektør i Veksthuset for verdiskaping Hilde Nebb

 – Veksthuset har ønskt å koordinere dei ulike søknadsprosessane slik at søknadsmoglegheitene er spreidd over året og vil på sikt lage eit årshjul som gjer utlysingane føreseielege for forskarane våre. Veksthuset har dessutan jobba med evalueringskriterium og evalueringsprosess som begge søknadsprosessane kan dra nytte av, seier innovasjonsdirektør i Veksthuset for verdiskaping Hilde Nebb.

Sandset legg til at arbeidet Veksthuset gjer, er viktig for å få opp bevisstheita om kva ansvar universitetet har for å drive med innovasjon og entreprenørskap i tillegg til forsking og undervising. 

Veksthuset for verdiskaping har lavterskel-innovasjonstenester for forskarar og studentar ved UiO. Veksthuset har blant anna rettleiing og såkornmidlar for dei som vil ta forskinga vidare til nye produkt og tenester. 

– Saman med økonomiske insentiv som UiO sine innovasjonsmidlar, gjer dette arbeidet at vi er på rett veg, seier Sandset.

Prosjekta som er tildelt støtte i 2023

Sortert alfabetisk etter fornamnet til prosjektleiar.

Forkortingar 
MED – Det medisinske fakultet
MN – Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
SV – Det samfunnsvitskaplege fakultet
 

Test- og vidareutviklingsfasen – 11 prosjekt à 400 000 kroner 

Prosjektleiar, fakultet, institutt
Posjekttittel

  • Carmen Herrera , MN, Biovitskap
    Cancer diagnostics: development of an early detection diagnostic test for aggressive cancer 
  • Emilie Kildal, MED, Klinisk medisin
    The “Understand me!” app – Giving a voice to those who cannot speak 
  • Gunnveig Grødeland, MED, Klinisk medisin
    A seasonal vaccine against influenza and coronaviruses 
  • Hilde Loge Nilsen/Deo Prakash, MED, Klinisk medisin

    Transcriptional cyclin dependent kinases as potential therapeutic targets for pancreatic cancer 

  • Johanne Jacobsen, MED, Klinisk medisin
    EvoMab: germinal center guided affinity optimization of therapeutic antibodies 
  • Magnar Bjørås, MED, Klinisk medisin
    Development of a novel albumin- peptide combination treatment effective against critical resistant bacterial infections 
  • Massimiliano Pio di Cagno, MN, Farmasøytisk
    Development of a new sustainable instrumentation for accelerate early-stage drug development 
  • Ragnhild Marie Undseth, SV, Psykologisk
    Real-time fNIRS neurofeedback to supplement fMRI targeted brain-training 
  • Sebastian Prodinger, MN, Kjemisk
    Thermoheim – Developing Adsorption Based Heat Storage 
  • Vibeke Ansteinsson, MED, Helse og samfunn
    Samhandlingsløsning for KOrdinerte ORALe helsetjenester for eldre hjemmeboende pasienter (KO-ORAL) 
  • Wenche Erlien, MN, Naturfagsenteret
    Evolusjon – historien om alt liv 

Idé- og konseptfasen – 12 prosjekt à 50 000 kroner 

Prosjektleiar, fakultet, institutt
Prosjekttittel

  • Ana Ćuk, MN, Farmasøytisk
    Development of a new in situ gelling system for prolonged release of local anesthetics 
  • Guro Haugen Fossum, MED, Helse og samfunn
    Perpetual Observational Study (POS) of Acute Respiratory Infections 
  • Joel Glover, MED, Medisinske basalfag
    Light-activated nanoparticles for targeted release of small inhibitory RNAs to specific neuron populations affected by neurodegenerative diseases 
  • Kristin Martinsen, SV, Psykologisk
    Trygge foreldre, modige og mestrende barn
  • Léon Reubsaet, MN, Farmasøytisk, SmaSh-Quant – Smart Samplers for Quantitative protein determination 
  • Mariana Mazetto de Carvalho, MN, Farmasøytisk
    Development of β-glucans coated liposomes for the obtaining of novel wound healing formulations 
  • Merethe Blandhol, MED, Medisinske basalfag
    An Ecological Experimental Model of Chronic Pain 
  • Stefan Schauber, MED, HELP – Enhet for Helsevitenskapelig Pedagogikk
    Edutron – effective feedback to university teachers using tools from learning analytics and data science
  • Tilmann von Soest, SV, Psykologisk
    Nabolagshelse.no 
  • Tore Bonge-Hansen, MN, Kjemisk
    A simple and general method for tailormade surface coatings and adhesives 
  • Victor Modamio, MN, Fysisk
    RESHINED – Red Shift Neutron Detector
  • Zhi Zhao, MED, Medisinske basalfag
    Identification of cell composition-based omics features for survival prognosis using a novel machine learning approach 

Slik fungerer ordninga med innovasjonsmidlane ved UiO 

Universitetet i Oslo arbeider for at kunnskap skal bli teken i bruk, og ønsker å gi tilsette moglegheit til å bidra til verdiskaping og nye arbeidsplassar gjennom innovasjon og entreprenørskap. Derfor utlyser rektoratet kvart år midlar til støtte i tidlege fasar av innovasjonsprosjekt.

Forskarar ved UiO som har identifisert eit behov i samfunnet dei ønsker å finne ei løysing på, eller har eit forskingsresultat med verdi for samfunnet, kan søke om støtte til utvikling av idé og konsept. Dei som har kome litt lenger i prosessen, kan søke om støtte til test- og vidareutvikling av innovasjonsprosjekta sine. Forskarar ved alle fakultet kan søke om støtte, og det er eit mål at tildelinga skal spegle breidda av UiO sine fagområde.

Av Norunn K. Torheim, Veksthuset for verdiskaping
Publisert 17. okt. 2023 10:02 - Sist endret 17. okt. 2023 10:02