English version of this page

Ta eksamen på nytt ved MN-fakultetet

Kan eg få ny eksamen?

Nokre emne tilbyr nytt eksamensforsøk i påfølgande semester for studentar som stryk eller som trekkjer seg under ordinær eksamen. På emnesida finn du informasjon om emnet ditt tilbyr ny eksamen.

Dersom du ikkje består den nye eksamenen, må du vente til neste ordinære eksamen i emnet for å ta den på nytt.

I enkelte tilfelle kan ny eksamen haldast i ei anna form enn det den ordinære eksamen har. Den kan til dømes haldast munnleg, sjølv om ordinær eksamen var skriftleg. Dei studentane dette gjeld vil få melding om dette på e-post ca. 1 veke før eksamen. 

Korleis melder eg meg opp til ny eksamen?

Alle som er kvalifisert til å få ny eksamen vil få melding på e-post om dette før oppmeldingsperioden startar. Er du ein av dei, melder du deg opp til ny eksamen i StudentWeb.

Logg på Studentweb

Slik melder du deg opp til ny eksamen i Studentweb.

Når kan eg melde meg opp?

  • I januar er fristen for oppmelding ca. 1 veke før ny skriftleg eksamen skal haldast, dette vil oftast vere 5.-10. januar.
  • I august er fristen for oppmelding innan første helga i august.
  • Trekkfristen for ny eksamen er den same som oppmeldingsfristen.

Tid og stad for ny eksamen

  • For emne som har avsluttande eksamen i desember, blir ny skriftleg eksamen halden torsdag og fredag (føre- og ettermiddag) før undervisninga startar i januar.
  • For emne som har avsluttande eksamen i juni, blir ny skriftleg eksamen halden torsdag og fredag (føre- og ettermiddag) veka før undervisninga startar i august.
  • Du vil kunne sjå kor du skal ha eksamen i StudentWeb 4-5 dagar før eksamen skal haldast.

Tilrettelegging

Viss du har fått tilrettelegging ved ordinær eksamen, får du normalt same tilrettelegging ved ny eksamen.

Spørsmål?

Kontakt MN-studieinfo

Publisert 14. okt. 2015 10:31 - Sist endret 27. okt. 2017 13:20