English version of this page

Ta eksamen på nytt

I dei fleste emna ved UiO kan du framstille deg til eksamen inntil tre gongar. For masteroppgåver gjeld det eigne reglar.

Oppmelding

Dersom du ikkje har bestått ordinær eksamen eller dersom du ønskjer å forbetre karakteren din, kan du vanlegvis melde deg opp neste gong det blir arrangert ordinær eksamen i emnet. Dette gjer du i Studentweb.

Dersom emnet ditt har obligatoriske aktivitetar, vil emneomtalen vise om du må gjennomføre desse på nytt før du kan ta eksamen på nytt.

Eksamensforsøk

I dei fleste emna ved UiO kan du framstille deg til eksamen inntil tre gongar. Du kan ikkje ta eksamen på nytt dersom du har brukt opp talet på lovlege eksamensforsøk.

Avgrensinga i talet på eksamensforsøk gjeld totalt for eit emne. Avgrensinga gjeld også ved nytt opptak til det same eller eit anna studieprogram der emnet inngår.

Dersom du har ein særskilt grunn, kan du vanlegvis søkje om eit ekstra eksamensforsøk.

Masteroppgåver

Ei masteroppgåve som har fått eit ikkje-bestått eksamensresultat kan leverast på nytt berre ein gong, og då innan avtalt tidspunkt og i omarbeidd form. Ei masteroppgåve som har fått eit bestått eksamensresultat kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form. Dette gjeld også for dei avsluttande oppgåvene i profesjonsstudia i psykologi og teologi samt for prosjektoppgåva i profesjonsstudiet i medisin.

Kva karakter blir gyldig?

Dersom du tek den same eksamenen fleire gongar, vil den beste karakteren gjelde som endeleg karakter.

Studium med eigne ordningar

Emne ved MN-fakultetet

Sjå eige opplegg for ny eksamen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Emne ved Økonomisk institutt

Fleire emne ved Økonomisk institutt har restriksjonar som gjer at det ikkje er mogleg å ta emne på lågare nivå dersom ein tidlegare har bestått utvalde emne på 2000-, 3000- og 4000-nivå. Det er heller ikkje mogleg å forbetre karakter i emna på lågare nivå der det er restriksjonar. Sjå oversikt over kva emne dette gjeld.

Medisin, odontologi og tannpleie

  • For studieprogramma i medisin, odontologi og tannpleie blir det som hovudregel arrangert ny eksamen etter kvar ordinære eksamen for studentar som har fått ikkje bestått. Alle studentar med ikkje bestått blir automatisk melde til ny eksamen.
  • Unntak gjeld medisinstudentar som ikkje kan møte eller får ikkje bestått til ordinær felles avsluttande skriftleg deleksamen i modul 8. Her blir det ikkje gitt høve  til ny skriftleg eksamen før ordinær eksamen i påfølgjande semester. Dette er ein felles regel for de fire medisinstudia i Noreg.
  • Studentar som ønskjer gjentak, altså som tidlegare har bestått eksamen, får høve til dette ved neste ordinære eksamen. Dei må sjølv melde seg til dette innan gitte fristar. Nærare informasjon om dette finn ein på den aktuelle emnesida. Ved gjentak vil resultata følgje den gjeldande karakterskalaen.
  • For studieprogrammet i medisin kan beståtte eksamenar ikkje bli gjentatt etter at påfølgjande modul/emne er bestått. 

Masterstudiet i rettsvitskap

For masterstudiet i rettsvitskap er det ein kvote på kor mange gonger du totalt kan gjenta eksamenar i løpet av studiet. Sjå reglar for gjentak av bestått eksamen for masterstudiet i rettsvitskap.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

Publisert 30. nov. 2011 15:13 - Sist endret 27. nov. 2025 07:59