English version of this page

Oppmelding til utsett og ny eksamen ved MN

Studentar ved MN-fakultetet melder seg til utsett og ny eksamen i Studentweb. 

For å kunne melde deg til utsett eksamen, må du ha gyldig grunn for fråvær på eksamen. Sjå gjeldande retningslinje og finn skjema for eigenmelding ved eksamensfråvær.

Logg på Studentweb

Dersom du allereie har registert deg for komande semester: 
  • Gå til "Aktive emne" på menylinja.
  • Vel det emnet du ønskjer å ta utsatt / ny eksamen i.
  • Gå vidare frå undervisningsdelen -1. 
  • I eksamensdelen – 2, vel haust-k for haustsemesteret eller vår-k for vårsemesteret i tid og form-lista.

Om du ikkje allereie har registert deg for komande semester, må du først klikke på "Start registreringa". Du kjem då til framsida kor du kan melde deg til utsatt / ny eksamen som skildra over.

Når kan eg melde meg opp?

  • For ny og utsatt eksamen etter haustens eksamensperiode er fristen for oppmelding innan ca. 1 veke før ny skriftleg eksamen skal haldast, dette vil som oftast vere 5.-10. januar. 
  • For ny og utsatt eksamen etter vårens eksamensperiode er fristen for oppmelding innan første helga i august.
  • Trekkfristen er den same som oppmeldingsfristen.

Tid og stad for utsett eksamen og ny eksamen

  • For emne som har avsluttande eksamen i desember, blir ny skriftleg eksamen halden ca. 20. januar.
  • For emne som har avsluttande eksamen i juni, blir ny skiftlig heimmeeksamen åpna  torsdag og fredag (føre- og ettermiddag) veka før undervisninga startar i august.
  • Nokre emner vil ha muntleg eksamen i staden for skriftleg. Dette blir gjort kjend i slutten av uke 32. 
  • Du vil kunne sjå kor du skal ha eksamen i Studentweb 4-5 dagar før eksamen skal haldast.

Spørsmål?

Kontakt MN-studieinfo

Publisert 30. apr. 2020 11:24 - Sist endret 25. aug. 2020 10:49