LING4117 – Morfologi 2
Kort om emnet
Vidaregåande kurs i det vitskaplege studiet av morfologi der pensum på LING4117 vil vere av ein meir vidaregåande art enn pensumlitteraturen på LING2107.
Kva lærer du?
Emnet skal gje studentane innsikt i moderne morfologiske teoriar og gje dei grunnlag for å arbeide med morfologiske problemstillingar sjølve. Emnet skal også gje øving i skriftleg framstilling og argumentasjon.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Forkunnskapar
Anbefalte forkunnskapar
Emnet byggjer på kunnskap som tilsvarar LING1101-Fonetikk, fonologi og morfologi 1 eller LING1112- Morfologi og syntaks 1, men eksamen frå desse emna er ikkje obligatorisk for masterstudentar.
Overlappande emne
10 studiepoeng overlapp mot LING2107 – Morfologi 2 (nedlagt)
Undervisning
Det gis 24 timar felles med LING2107, 6 timar for LING4117 separat over heile semesteret med enkelte undervisningspausar undervegs.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen på emnet er ei mappe som omfattar ei oppgåve og ein klasseromseksamen som varar i to timar. Oppgåva skal være på om lag 5 sider. Det vert sett ein samla karakter på grunnlag av klasseromseksamen og oppgåva.
Alle innleveringsoppgaver (inkl. obligatoriske kvalifiseringsoppgaver) skal leveres med fuskeerklæringsskjema, som finnes på denne siden:
http://www.hf.uio.no/studier/admin/eksamen/fusk/
Eksamensspråk
Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.
Periodisk emnerapport høst 2011
Periodisk emnerapport vår 2007
Anna
Obligatorisk erklæring som vedkjem fusk skal leverast saman med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og eksamensinnleveringar:
Obligatorisk erklæring nynorsk
Obligatorisk erklæring bokmål