NOR1103 – Nordisk, særlig norsk, språk og litteratur før 1800

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet gir ei elementær innføring i hovuddraga i den norrøne språkstrukturen, samtidig som ein ser norrønt språk i ein diakron samanheng som bindeledd mellom det felles urnordiske utgangspunktet og dei moderne nordiske språka. Vidare femnar emnet om tekstar frå den norrøne litteraturen og frå skandinavisk litteratur i perioden 1500-1800. Tekstane skal setjast inn i ein kulturhistorisk samanheng. Norrøn litteratur les ein i omsetjing, mens nyare skandinavisk litteratur blir lesen i original språkform.

Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Du får kunnskapar og øving innafor dei nemnde disiplinane med sikte på arbeid som norsklærar, spesielt i vidaregåande skole, men også på ungdomstrinnet i grunnskolen.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Eksamen i NOR1105 – Språkstruktur og tekst (nedlagt) bør vere avlagd.

Undervisning

2 timar førelesing og 1 time gruppeundervisning i veka i 15 veker, inkludert leseveker. To kvalifiseringsoppgåver skal vere godkjende av faglærar før eksamen: 1) ei oppgåve i språk, som individuell oppgåve på 9000-12000 teikn utan mellomrom (4-5 sider), som gruppeoppgåve ca. 2300 teikn (ei side) meir per deltakar 2) ei individuell oppgåve i litteratur på 9000-12000 teikn utan mellomrom (4-5 sider). Begge kvalifiseringsoppgåvene skal skrivast på nynorsk.

Eksamen

Eksamen er ein 4 timars skoleeksamen i slutten av semesteret som skal skrivast på nynorsk og vurderast med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Anna

Obligatorisk erklæring som vedkjem fusk skal leverast saman med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og eksamensinnleveringar:
Obligatorisk erklæring nynorsk
Obligatorisk erklæring bokmål

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning
Haust 2008

Emnet undervises siste gang høsten 2008.

Eksamen

Samme semester som undervisningen gis.

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)