Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

I 1914 braut 1. verdskrig ut, der Nord- og Nordaust-Frankrike vart hovudslagmarka på vestfronten. Eit tilsynelatande sterkt politisk og sosialt splitta Frankrike greidde å samle seg (Union sacrée) for å stå imot det tyske åtaket, men det var først etter ein fire år lang og særs blodig og øydeleggjande skyttargravskrig at franskmennene og deira allierte kunne gå sigrande ut av konflikten. Frankrike var den av dei krigførande nasjonane som leid dei største menneskelege og materielle tapa under denne krigen, som har vorte ståande som la Grande Guerre for franskmenn i ettertid.

Kva lærer du?

Du skal få ei analytisk forståing av kvifor 1. verdskrig truleg er den største katastrofen Frankrike har opplevd i nyare tid, sjølv om landet stod fram som sigerherre i 1918. Etter ei innføring i årsakene til krigen, får du ei grundig innsikt i korleis Frankrike greidde å samle seg i l’Union sacrée og mobilisere heile nasjonen til krigsinnsats. Du får kunnskap om sjølve krigsgangen (dei store slaga, t.d. slaget om Verdun) fram til sigeren i 1918, men òg om den alvorlege militære, politiske, sosiale og moralske krisa i 1917. Du får til slutt setje deg inn i dei mange og alvorlege følgjene krigen fekk både på kort og lengre sikt og kvifor la Grande Guerre enno har slik stor plass i det kollektive minnet i Frankrike hundre år etterpå.

Opptak og tilgangsavgrensing

Emnet krever opptak til masterstudieretning Frankrike-studier eller et annet relevant masterprogram som godkjenner emnet som del av studiet. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan gis etter søknad.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Se Opptak og adgangsregulering ovenfor.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot FRA2511 – Frankrike og 1. verdskrig (nedlagt)

Undervisning

Emnet har felles undervisning med FRA2511 – Frankrike og 1. verdskrig (nedlagt). Undervisninga vert gitt som 1 time førelesing og 1 time seminar i 14 veker.

Emnet har ingen obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og inga oppmøteplikt til undervisninga.

Ved få påmeldte studenter kan emnet bli gitt som leseemne.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.

Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 10 sider à 2300 teikn. Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi som er utforma etter gitte normer.

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Vår 2013
Vår 2010
Haust 2008

Uregelmessig

Eksamen
Vår 2010
Haust 2008
Undervisningsspråk

Fransk