FRA4590 – Masteroppgåve i fransk områdekunnskap
Kort om emnet
Kva lærer du?
Når du har gjennomført dette emnet:
- kan du formulere og avgrense ei fagleg problemstilling
- kan du planleggje og fullføre eit omfattande vitskapeleg arbeid
- kan du samle inn, systematisere og analysere store mengder informasjon
- kjenner du til forskningsetiske normer og kan referere frå og vere kritisk til kjeldene dine
- kan du presentere større informasjonsmengder på ein strukturert måte
- kan du nytte relevant språkvitskapeleg teori og forskningsmetode og gjennomføre analyser med eit høgt refleksjonsnivå
- har du avanserte akademiske språkferdigheter i fransk
Karakteren du får viser i kva grad du har nådd desse læringsmåla.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.
Emnet krev opptak til masterprogrammet i europeiske språk, Fransk (studieretning).
Undervisning
Individuell rettleiing.
Når prosjektskissa di er godkjent og rettleiinga begynner, fyller du og rettleiar ut rettleiingsavtalen og leverer den til studiekonsulenten for fransk.
Merk at det å få rettleiing er ein obligatorisk del av arbeidet med masteroppgåva og at rettleiingsavtalen må vere godkjent før masteroppgåva kan leverast.
Les meir om Masteroppgåve ved ILOS.
Eksamen
Du må levere masteroppgåva til fastsette fristar i semesteret. Den blir vurdert av ein eksamenskommisjon med éin intern og éin ekstern sensor.
Før endeleg karakter setjast, skal du ha munnleg eksamen.
Her finn du innleveringsfristane for masteroppgåva, samt informasjon om korleis innlevering og sensur foregår: Masteroppgåve ved ILOS
Eksamensspråk
Karakterskala
Høve til ny eller utsett eksamen
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.