English version of this page

Fusk

Alle studentar må setje seg inn i reglane som gjeld for hjelpemiddel ved eksamen og for kjeldebruk og sitering. Brot på reglane kan føre til mistanke om fusk eller forsøk på fusk.

Kva kan reknast som fusk på eksamen?

Du kan bli mistenkt for fusk eller forsøk på fusk dersom du til dømes:

  • lèt vere å gi opplysningar om kjelder eller gir opp fiktive kjelder
  • lèt vere å gi opplysningar om gjenbruk av eige tidlegare arbeid
  • gir inntrykk av at eksamenssvaret er meir sjølvstendig enn det faktisk er
  • har tilgang til eller brukar hjelpemiddel som ikkje er tillatne
  • samarbeider med andre på måtar som ikkje er tillatne
  • leverer det same eksamenssvaret ved fleire eksamenar utan at det er tillate
  • har urettmessig tilgang til eksamensmaterialet utanom eksamen

Du finn informasjon om lovlege hjelpemiddel på eksamen i emnebeskrivelsen.

Plagiatkontroll av innleverte tekstar

Når du skriv akademiske tekstar, skal du vise fram kva tanker og refleksjonar som er dine eigne og kva du har lånt frå andre sine arbeid. Dette gjer at lesaren kan slå opp kjeldene du har brukt, kontrollere fakta og etterprøve resultata dine.

UiO brukar programmet Ouriginal for å avdekkje avskrift i innleverte tekstar. Ouriginal samanliknar innleverte tekstar med internett, tekstdatabasar og andre innleverte tekstar ved UiO og andre norske lærestadar.

Fusk ved obligatoriske aktivitetar

Obligatoriske aktivitetar er også omfatta av reglane om fusk eller forsøk på fusk. Kva som kan reknast som fusk på obligatoriske aktivitetar vil i stor grad samsvare med det som gjeld for eksamenar.

Konsekvensar av fusk

Ved fusk eller forsøk på fusk kan konsekvensane bli annullering av eksamen, utestenging frå UiO og tap av retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i Noreg i inntil eitt år.

Saksbehandling ved mistanke om fusk

UiO har rutinar for behandling av fuskesaker. Rutinane gir også informasjon om rettane til studentar som blir mistenkte for fusk eller forsøk på fusk.

UiOs nemnd for studentsaker gjer vedtak i saker om mistanke om fusk eller forsøk på fusk og avgjer kva sanksjonar som skal setjast i verk. Vedtaket i nemnda kan ankast til ei nasjonal klagenemnd.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 10. des. 2010 10:15 - Sist endret 21. mars 2024 20:36