English version of this page

Byte seminargruppe

Du kan sjølv prøve å byte seminargruppe i Studentweb. Går det ikkje, kan du i nokre tilfelle søkje om å byte gruppe.

Slik byter du seminargruppe i Studentweb

  • Logg inn i Studentweb, gå til "Aktive emne" i menyen og finn fram til emnet.
  • Klikk på knappen 'Rediger' ved undervisninga på det aktuelle emnet.
  • Vel ein annan seminargruppe i rullegardinmenyen. Du vil med ein gong sjå ledige grupper.
  • Klikk på knappen 'Lagre'.

Fakultet med eigne rutinar​

Det humanistiske fakultet

Det juridiske fakultet

  • Du kan søkje om å byte seminargruppe med ein e-post til info@jus.uio.no eller levere søknad på Infosenteret.
  • Dokumentasjon må leggast fram saman med søknaden.
  • Du kan ta med originaldokumentet og ein kopi og få eit «rett-kopi»-stempel. 

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

For å byte gruppe må du ta kontakt med instituttet ditt.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Rutinar for byte av seminargruppe for bachelorstudentar på SV-fakultetet.

Det teologiske fakultet

Ta kontakt på epost: info@teologi.uio.no

Spørsmål?

Ta kontakt med studieinfosenteret på ditt fakultet

 

Publisert 7. mars 2016 19:24 - Sist endra 7. feb. 2020 16:34