English version of this page

Redusert studieprogresjon

Dersom du har særskilde behov og treng å bruke lenger tid på studieprogrammet, kan du søke om redusert studieprogresjon. Du treng normalt ikkje søke dersom du tek minst 30 studiepoeng per studieår.

Kven kan søke?

Programstudentar må ta minst 30 studiepoeng per studieår for å behalde studieretten. Du treng vanlegvis ikkje å søke om redusert studieprogresjon dersom du studerer mindre enn fulltid, men tek minst 30 studiepoeng per studieår.

Dersom du har særskilde behov og ikkje greier krava til studieprogresjon, kan du søke om redusert studieprogresjon. Særskilde behov kan vere til dømes langvarig sjukdom eller store omsorgsoppgåver.

Du kan søke om redusert studieprogresjon i eitt eller to semester av gongen. Det er mogleg å få innvilga redusert studieprogresjon for fleire semester, men då må du søke på nytt.

Be om rettleiing først

Du bør vende deg til programmet sitt kontaktpunkt først, for å avklare behovet ditt og få meir informasjon om korleis du søker. Kontaktpunktet finn du på programsida. I søknaden må du normalt skissere ein plan for korleis du vil gjennomføre studieprogrammet.

På nokre studieprogram kan programmet sin struktur eller særskilde reglar vere til hinder for redusert studieprogresjon. Dette kan studentinfosenteret gi meir informasjon om.

Søknadsfrist

  • 1. februar for vårsemesteret
  • 1. september for haustsemesteret

Dersom behovet for redusert studieprogresjon oppstår etter søknadsfristen, kan du sende søknad etter fristen. I slike tilfelle kan du også få innvilga redusert studieprogresjon med tilbakeverkande kraft. 

Korleis søke?

Finn søknadsinformasjon og krav til dokumentasjon for ditt fakultet:

Det humanistiske fakultet

Du søker via nettskjema: 

Masterprogram ved Det humanistiske fakultet har eigne reglar om redusert studieprogresjon

Det juridiske fakultet

Send eller lever søknadsbrev og dokumentasjon til JF - Infosenteret.

  • I søknadsbrevet må du forklare kvifor du har behov for redusert studieprogresjon.
  • Dokumentasjonen må stadfeste behovet for redusert studieprogresjon i heile eller store delar av søknadsperioden og kan til dømes vere legeattest eller tilsvarande.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Send eller lever søknadsbrev og dokumentasjon til MN-studieinfo.

  • I søknadsbrevet må du forklare kvifor du har behov for redusert studieprogresjon.
  • Dokumentasjonen må stadfeste behovet for redusert studieprogresjon i heile eller store delar av søknadsperioden og kan til dømes vere legeattest eller tilsvarande.

Det medisinske fakultet

Søknadsbrev skal sendes til:

Det medisinske fakultet
Studieseksjonen
Postboks 1078 Blindern
0316 Oslo

eller leveres på Sogn Arena, Klaus Torgårds vei 3, Det medisinske fakultet, 2.etg. i resepsjonen.

  • I søknadsbrevet må du forklare kvifor du har behov for redusert studieprogresjon.
  • Dokumentasjonen må stadfeste behovet for redusert studieprogresjon i heile eller store delar av søknadsperioden og kan til dømes vere legeattest eller tilsvarande.

Det odontologiske fakultet

Send eller lever søknadsbrev og dokumentasjon til fakultetet.

  • I søknadsbrevet må du forklare kvifor du har behov for redusert studieprogresjon.
  • Dokumentasjonen må stadfeste behovet for redusert studieprogresjon i heile eller store delar av søknadsperioden og kan til dømes vere legeattest eller tilsvarande.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Send eller lever søknadsbrev og dokumentasjon til SV-info.

  • I søknadsbrevet må du forklare kvifor du har behov for redusert studieprogresjon.
  • Dokumentasjonen må stadfeste behovet for redusert studieprogresjon i heile eller store delar av søknadsperioden og kan til dømes vere legeattest eller tilsvarande.

Det teologiske fakultet

Send eller lever søknadsbrev og dokumentasjon til TF-infosenter.

  • I søknadsbrevet må du forklare kvifor du har behov for redusert studieprogresjon.
  • Dokumentasjonen må stadfeste behovet for redusert studieprogresjon i heile eller store delar av søknadsperioden og kan til dømes vere legeattest eller tilsvarande.

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Send eller lever søknadsbrev og dokumentasjon til UV-studieinfo.

  • I søknadsbrevet må du forklare kvifor du har behov for redusert studieprogresjon.
  • Dokumentasjonen må stadfeste behovet for redusert studieprogresjon i heile eller store delar av søknadsperioden og kan til dømes vere legeattest eller tilsvarande.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 31. aug. 2020 14:30 - Sist endret 22. okt. 2020 12:57