Før installasjon – førebuingar
1. Plassering, straum og nett
- Delta i vurderingar av monteringshøgd, tilgjenge og plassering for universell utforming.
- Bidra til at straum- og nettverksuttak er tilgjengelege eller blir skaffa.
- Avklar behov for fysisk merking og innkapsling/sikring.
- Avklar om leverandøren treng tilrettelegging under montering (avsperring ved arbeid i høgda, lift o.l.).
- Bør brukarane varslast?
- All datatrafikk skal gĂĄ via UiOs proxy, og kabla tilkopling er pĂĄkravd.
- TrĂĄdlaust nettverk skal unngĂĄast, og berre 5 GHz er tillate for mellombelse installasjonar.
2. MAC-adresse og registrering i Mreg
Atea oppgir MAC-adresse i forkant av installasjonen. Elles les du henne av frå produkteskene, som blir leverte ei stund før montering. Utstyret skal registrerast i Mreg på rett VLAN. Nettdrift har lagt ut ei liste over alle aktuelle ipv6-nett (søk etter «skilting»).
PĂĄkravd namnestandard for infoskjermar og dørskilt:Â
byggkode-etasje-romkode.skilt.uio.no
Døme: bl14-01-123.skilt.uio.no
For rom med fleire avspelarar legg du eit løpenummer etter romnummeret:Â
bl14-01-123-01.skilt.uio.no bl14-01-123-02.skilt.uio.no
Kommando i Mreg:Â
Døme:Â
host add -ip 2001:700:100:e00::/64 -contact drift@mn.uio.no -macaddress aa:bb:cc:dd:ee:ff bl14-01-123.skilt.uio.no(Nettet 2001:700:100:e00::/64 gjeld for omrĂĄde som blir dekte av abel-gw.)
NB! Oppgi komplett nettverksinfo til leverandøren. Dette gjeld:
Â
Vertsnamn
IP
Nettmaske (mreg: network info [ip])
GW
DNS: https://www.uio.no/tjenester/it/nett/dns/
Proxy: w3prod-proxy-digskilt02.uio.noÂ
Port: 3128Â
Unntak: uio.atea-signage.no;gw-uio.intark.uh-it.no;uio.no;*.uio.no;<local>Â
3. Klargjering av lokasjon
- Nettverksuttaket må vere konfigurert med rett VLAN – opne oversikt.
- Sørg for at nettuttaka er aktive på installasjonsdagen.
- Vart det avtalt tilrettelegging for leverandøren? Er det i orden?
Under og etter installasjon
4. Koordinering og tilsyn
- Ver tilgjengeleg for spørsmål frå montøren på installasjonsdagen.
- Samhandle med leverandøren ved behov.
- Stadfest at Atea fyller ut kontroll- og godkjenningsskjema. Meld manglar og avvik til bestillar, og forsikre deg om at Atea fĂĄr dei.
5. Test og godkjenning
- Avklar med bestillar kven som skal ta sluttkontrollen:
- Verifiser oppkopling og funksjon saman med bestillar (inkl. integrasjon mot t.d. kalender).
- Sjekk at skjermen er klar til bruk, og at ingen emballasje eller liknande er att.
Drift og vedlikehald
6. Support og feil
- Lokale kontaktpunkt: Viser digitale dørskilt ved møterom (Exchange) feil kalenderbookingar, ligg årsaka truleg hos oss. Då kan du spørje i Mattermost-gruppa www-drift om dei kan sjekke. Kontaktpunkt hos leverandøren:
- Feilmeld til sos@atea.no med emnet «Digital signage», eller ring 03060.
- Atea tilbyr live-status for overvaking av Scala-spelarar via Scala CMS.
- Mottakar av feilmeldingar blir konfigurert i CMS.
7. Innhald og CMS-tilgang
- UiO-publisistar bruker Scala CMS til innhaldsadministrasjon.
- Behovshavar bestiller og koordinerer kurs sjølv. Sjå «Kurs og opplæring» for framgangsmåte.
8. Andre ressursar
ACL
Dei kan verifiserast imot oversikta her
Exchange/Møterom
Scriptet som genererar kalenderdata frĂĄ Exchange (det som brukast i dag er her)
Proxy
Proxyoppsettet for Squid (w3prod-proxy-digskilt02.uio.no):Â
Logg inn for ĂĄ kommentere