Tilgang til Feide-teneste

Ønsker du ta i bruk ei teneste som leverast med Feide-innloging?

Kort oppsummert: Fyll ut skjema for Feide-tilgang.

For å få tilgang til ei Feide-teneste:

  1. Du fyller ut skjema for Feide-tilgang.
  2. USIT evaluerer tenesta, og bistår med å oppfylle krava.
  3. USIT opner opp for tilgang i Feide.

Kven som helst på UiO kan fylle ut skjemaet - USIT bistår med det som trengs.

Krav til tenester

UiO er ansvarleg for alle personopplysingar vi har, inkludert databehandlinga i tenester som vi gir tilgang til. USIT må difor vurdere tenesta før vi kan ta den i bruk - det er fleire tenester vi må sei nei til.

Å gi tilgang til ei Feide-teneste gjer at tenesta får personopplysingar om kvar UiO-brukar som logger på. UiO er ansvarleg for at desse personopplysingane vert behandla korrekt.

Nokre krav UiO må oppfylle for kvar teneste:

  • Formålsvurdering - Har UiO hjemmel i lov til å behandle personopplysingar i tenesta?
  • Risiko- og sårbarhetsanalyse - Behandler tenesta personopplysingane forsvarleg og trygt?
  • Databehandleravtale med tenesteleverandør - Pålegger tenesteleverandør å behandle personopplysingane korrekt.
  • UiO må jamnleg reevaluere om tenesta oppfyller krava.

Meir info

Publisert 28. jan. 2019 12:14 - Sist endret 28. jan. 2019 12:16