Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Undersøking av reiseframstillingar er eit engasjerande og ekspanderande forskingsfelt. Dette emnet vil studere eit utval fiktive og ikkje-fiktive tekstar som alle kan tilordnast kategorien "reiselitteratur". Fokus er på forteljemåte, struktur, tematikk og genretypiske trekk i eit utval engelsk reiselitteratur frå romantikken og framover. Emnet er tekstorientert, og har også ein teoretisk komponent. Sidan forteljinga står sentralt i reiselitteraturen, og sidan reise er eit nøkkelord i postkoloniale studier, er det aktuelt å kople inn både narrativ og postkolonial teori.

Kva lærer du?

Å utvikle detaljert kjennskap til ein vesentleg litterær kategori og til dei studerte tekstane. Å utvikle evna til å diskutere og analysere reiselitteratur ved hjelp av relevant teori.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Minimum 3 og maksimum 10 studenter.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Masteropptak på litteraturprogrammet eller LAP.

Undervisning

Eit dobbelttimeseminar i veka gjennom semesteret. Midt i semesteret er det lagt inn ein undervisningsfri periode (haustsemesteret: 1 veke, vårsemesteret: 2 veker) som skal brukast til sjølvstudium og oppgaveskriving.

Eksamen

Studenten må gje ein munnleg presentasjon som må vere godkjent av faglæraren før studenten kan framstille seg til eksamen. Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneværende og de to neste semestrene emnet blir gitt. Eksamen: Semesteroppgåve på ca. 10 standardsider. (Denne oppgåva vil seinare kunne danne eit utgangspunkt for masteroppgåva.)

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning

Dette kurset har en ny kode; ENG4412 – Travel Literature in English

Undervisningsspråk
Engelsk