Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Ei tekstbasert innføring i det burleske renessanseeposet, den atterfødde kommedia.

Den politiske tanken til Machiavelli.

Dialogen som pedagogisk og filosofisk form.

Kva lærer du?

Førstehandskjennskap til dei viktigaste litterære kjeldene i det "nye" menneske- og kultursynet som enno dominerer det europeiske (og på nokon fråstand òg det norske) mennesket.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

ITA1101 – Italiensk språk eller tilsvarande.

Anbefalte forkunnskapar

Noko kjennskap til europeisk kultur og historie, god lesedugleik i italiensk og historisk innlevingsevne.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 2 timar seminar i 7 veker i andre halvdelen av semestret. Kurset føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. ITA2304 – Italiensk litteratur frå 1200- og 1300-tallet (nedlagt) vil bli holdt i første halvdelen av semesteret i samme rom.

Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. Studenten skal skrive eit mindre essay av generell karakter på 1-2 s., som skal leverast innan ein avtalt frist og må godkjennast av læraren før studenten kan framstille seg til eksamen.

Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.

Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før han eller ho kan framstille seg til eksamen.

Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve i løpet av kurset på 4 s. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi, i form av eit essay innanfor tekstanalyse.

Ei Obligatorisk melding som vedkjem fusk skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Eksamensspråk

Semesteroppgåva skal skrivast på italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Undervisning

F.o.m. hausten 2007 vert emne lagt ned og delvis erstatta av ITA2318 Modernitetens tilsynekomst. Fordypningsemne i renesanselitteratur.

Eksamen

Haust 2006

Undervisningsspråk

Italiensk