STV4333B – Sentral-Europa og Baltikum (tidlegare Sentral og Øst-Europa)

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette emnet er nedlagt. Fra og med våren 2014 blir emnet slått sammen med STV4332B, og tilbys som STV4316B: Europeisk poltikk - politiske institusjoner og partier (NB! Studenter som har avlagt eksamen i STV4332B eller STV4333B tidligere vil ikke få full uttelling for STV4316B, på grunn av overlapp).

 

Formålet med emnet er å gje oversikt over den politiske utviklinga i fire sentraleuropeiske og tre baltiske land (Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Estland, Latvia og Litauen), med hovudvekt på tida etter 1989. Sentrale tema er "revolusjonane" i 1989-1991, med vekt på overgangen til demokrati, og dei postkommunistiske regima, inkludert val av institusjonelle løysingar, framveksten av partisystem og skiljeliner, regjeringsmønster, og elitekontinuitet og -endring.

Kva lærer du?

Kunnskapsmål

Du skal

  • kunne skilje mellom ulike vegar til demokrati i det postkommunistiske Europa
  • kunne gjera greie for institusjonelle løysingar og framveksten av partisystem i dei sju landa kurset omfattar.
  • få detaljert kunnskap om politiske parti og elitar i dei same landa
  • få kjennskap til hovudtrekk i overgangen til marknadsøkonomi og vegen til EU-medlemskap i sentraleuropeiske og baltiske land


Ferdigheitsmål

Du skal

  • kunne samanlikne institusjonar og partisystem på tvers av land
  • kunne vurdere trekk ved dei politiske systema i ulike sentraleuropeiske og baltiske land opp mot sentrale statsvitskapelege modellar og typologiar.
  • kunne analysere samanhengar mellom ulike institusjonelle ordningar som valordningar, partisystem og regjeringar

Opptak og tilgangsavgrensing

Berre studenter på masterprogrammet i statsvitskap har tilgang til emnet.

Det er mogleg å søkje om å bli tatt opp som hospitant på dette emnet.

Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Berre studentar med undervisningsopptak til emnet kan delta i undervisninga og framstelle seg til eksamen.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Bachelorprogram i statsvitskap eller tilsvarande.

Anbefalte forkunnskapar

Bachelorprogram i statsvitskap eller tilsvarande. Det er ein fordel om studentane har avlagt STV2300 Komparativ politikk 2.

Undervisning

Undervisninga på emnet er lagt opp som 10 dobbelttimar førelesing. I tillegg kjem munnlege studentpresentasjonar. Det er obligatorisk frammøte på studentpresentasjonane.
Undervisninga går føre seg intensivt i ein periode på 5. veker, med eksamen i den 6. veka. Emnet er ein del av det ordinære studietilbodet. Undervisinga vil stort sett vera på dagtid. For detaljar, sjå semestersidene for emnet. Fronter blir vanlegvis brukt i undervisninga.

Eksamen

Skuleeksamen på 6 timar, og øvings- eller kvalifiseringsoppgåve.

Du blir vurdert ut frå ein skuleeksamen på 6 timar. Det skal også leverast ei øvings- eller kvalifiseringsoppgåve i rimeleg tid før skriftleg eksamen, og den blir vurdert til bestått/ikkje-bestått. Kvalifiseringsoppgåva på dette emnet vil vera ein munnleg powerpointpresentasjon med oppgjeve tema. Kvalifiseringsoppgåva inngår ikkje ved karakterfastsetjinga. Det blir gitt bokstavkarakter på skriftleg eksamen.

Det samfunnsvitskapelege fakultetet er ansvarleg for eksamensgjennomføringa og eksamensstad er Universitetet i Oslo, Blindern, eller eventuelt andre eksamenslokale i Oslo.

Hjelpemiddel

Ordbok. Ordbøker må leverast inn til instituttet for gjennomsyn minst ein dag før skuleeksamen.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblem som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i forhold til andre studentar, kan søkje om tilrettelegging ved eksamen. Mødre som ammar kan søkje om tilleggstid på eksamen.

Evaluering av emnet

Det blir gjort undervegsevaluering av emnet kvar gang det blir halde undervising. Periodisk sluttevaluering blir gjort kvart fjerde år.
Tilsynssensor har ansvar for vurdering av emnet, og han/ho skriv ein årleg rapport.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Vår 2012
Eksamen
Vår 2012
Undervisningsspråk
Norsk