TEOL4301 – Kristendommens historie i Noreg

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet gev ein oversikt over hovuddrag i norsk kyrkjesoge frå mellomalderen til 1800-tallet med vekt på forholdet mellom kyrkje og samfunn. Emnet vil i særleg grad ta for seg religionsskiftet i mellomalderen, innføringa av reformasjonen på 1500-talet og den pietistiske rørsla på 1700- og 1800-talet.

Kva lærer du?

Kunnskap om sentrale drag i norsk kyrkjesoge frå mellomalderen til 1700-talet. Meir inngåande kunnskap om religionsskiftet i mellomalderen, innføringa av reformasjonen og om den pietistiske rørsla på 1700- og 1800-talet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Det kan innvilgast enkelteemneopptak til emnet for søkjarar med relevant fagleg bakgrunn. Kortfatta søknad blir å sende til info@teologi.uio.no Ver vennleg å oppgi fødsel- og personnummer og fagbakgrunn. Søknad må vere oss i hende i rimelig tid før fristen for semesterregistrering 1.september.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Bachelorgrad i teologi eller tilsvarande. Emneopptak er mogeleg med annan fagleg relevant bakgrunn.

Undervisning

Forelesninger dekkes av TEOL4100 – Protestantisk religion (nedlagt)


Obligatoriske arbeidskrav:

Ta kontakt med emneansvarlig for TEOL4100 Protestantisk religion for å avklare obligatorisk aktivitet.

Pensum:

Det kan foretas endringer i pensum etter avtale med emneansvarlig for TEOL4100 – Protestantisk religion (nedlagt)

Eksamen

45-minutt førebudd munnleg eksamen.

1 time før eksamen vil studenten få utdelt hovedspørsmåla som samtalen skal handle om.

Hjelpemiddel

Det er høve til å ta med eventuelle notat som studenten har utarbeidd gjennom førebuinga.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Anna

Emnet er obligatorisk i cand.theol.-programmet og kan nyttast som valemne på masterprogrammet i kristendomsstudiar.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning
Kvar haust
Eksamen
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk

Kontakt

TF-infosenter