Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Kurset gir eit historisk oversyn over utviklinga av nynorsk frå Ivar Aasen til i dag. Det tek opp den historiske og språkpsykologiske bakgrunnen for nynorsken, Ivar Aasen, særtrekk ved nynorsk ordval, bøyingsverk og syntaks, nynorsk stilistikk, dei ulike argumenta for nynorsken, nynorsk og kjønn, nynorsken og det seinmoderne samfunnet, stillinga til nynorsken og brytingar i målrørsla i dag. Studentane blir også kjende med den nynorske songtradisjonen.

Kva lærer du?

Målet for kurset er å få studentane til å forstå kvifor nynorsken finst og kva rolle han har spela og spelar i det norske samfunnet. Kurset siktar ikkje primært mot at studentane aktivt skal lære å skrive nynorsk, men det er eit mål å gjere dei medvitne om særtrekk ved ordtilfang, formverk og uttrykksmåte i denne målforma.

Opptak og tilgangsavgrensing

Dersom du vil ta dette emnet, må du søkje direkte til Den internasjonale sommerskole.

Du lyt vere tatt opp til studiet for å delta i undervisninga.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse for opptak til høgare utdanning i Noreg, sjå "Minimum academic requirements". Norskkunnskapar på nivå med fullført Norsk trinn 2 eller tilsvarande.

Overlappande emne

5 studiepoeng overlapp mot NOR1102 – Nyere språk- og normeringshistorie (nedlagt)

Undervisning

Kurset inneheld 13 undervisningsdagar med 2 timar undervisning kvar dag (kl. 1115-1300), måndag-fredag. Kurslengda er tre veker og undervisninga skjer i første halvdel av sommarskulen. Kurset er lagt opp som eit seminar som krev aktiv deltaking frå studentane gjennom diskusjon og presentasjon av stoff. Det er krav om minimum 75 % oppmøte for å ta eksamen. Det er lagt inn studiebesøk i Noregs Mållag, Språkrådet og forlaget Det Norske Samlaget.

Eksamen

Emnet har avsluttande heimeeksamen. For å kunne ta eksamen må studentane fylle krav til oppmøte.

Heimeeksamen tel 100% av totalkarakteren.

Dei endelege karakterane blir tilgjengeleg på Studentweb tre veker etter eksamensdatoen.

Innlevering i Inspera

Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving må du gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk.

Eksamensspråk

Norsk (Nynorsk)

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Kandidatar som skal ta ny eller utsett eksamen kan ta neste ordinære eksamen på emnet. Om du har fullført obligatoriske oppgåver eller aktiviteter treng du ikkje ta desse på nytt.

Berre studentar som hadde gyldig fråvær eller strauk på eksamen kan ta eksamen på nytt.

Trekk frå eksamen

Ein student kan følgje undervisninga og framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har levert nettskjema for å trekke seg frå eksamen innan ein gitt frist, som er hovudregel på UiO.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Nivå
Bachelor
Undervisning

Emnet tilbys ikke sommaren 2024.

Undervisningsspråk
Norsk