English version of this page

Sjå opptak av livsvitskap i lunsjen frå 2016

Vi har arrangert livsvitskap i lunsjen om innovasjon, epigenetikk, genredigering og kreft og stamceller i 2016. Sjå opptak av seminara.

Livsvitenskap i lunsjen 9. februar om innovasjon

Her presenterte forskarar og studentar som har vunne innovasjonsprisar, sitt arbeid. Direktøren i UiOs sitt innovasjonsselskap Inven2 snakka om kven som lagar det nye næringslivet. 70 prosent av patenta som blir tekne ut gjennom Inven2, kjem frå fagmiljø innan livsvitskap.

Livsvitskap i lunsjen 12. mai om epigenetikk

Korleis påverkar gen og miljøet deg og gjer deg til den du er? 

På seminaret viste vi òg ein ny epigenetikkfilm frå Det medisinske fakultet – teiknefilmen «Epigenetics: nurture vs nature». 

Livsvitskap i lunsjen 21. oktober om genredigering med CRISPR

Kva veit vi om teknologien, moglegheitene, bruk og etiske betraktningar.

 

 

Livsvitskap i lunsjen 16. november om kreft og stamceller – moglegheitenes celler?

Kva er stamceller, kvar finst dei og kva oppgåver har dei? Korleis kan vi bruke kunnskapen om stamceller i forsking og til behandling av sjukdomar? Kvifor har desse cellene vore så omdiskuterte

 

Livsvitskap i lunsjen er ein seminarserie som er eit samarbeid mellom fakultet og institutt, Studentparlamentet, Realfagsbiblioteket og UiO:Livsvitenskap

Av Norunn K. Torheim
Publisert 19. des. 2016 11:43 - Sist endret 6. nov. 2019 18:23