Allmøte om livsvitskapsbygget

Livsvitskapsbygget ved UiO skal stå ferdig i 2024. Første spadetak blir teke første kvartal 2019. Ein stor brukarorganisasjon har vore i sving siste halvåret og UiO får innspel frå eksterne aktører. Få med deg siste nytt om byggeprosjektet og vegen vidare. 

Sjå tidslinje for livsvitskapsbygget som er planlagt å stå ferdig i ca. 2024. Statsbygg er byggherre. (Illustrasjon: Ratio arkitekter as).

Møtet er ope for alle tilsette ved UiO, men rettar seg spesielt mot einingar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet med Farmasøytisk institutt og Kjemisk institutt som skal inn i bygget, og Institutt for biovitskap; Det medisinske fakultet og Det odontologiske fakultet.

Program

12:15 Velkommen og UiO sitt arbeid sidan førre allmøte i mai 
Per Morten Sandset, viserektor for forsking og innovasjon, UiO

12:25 Status byggeprosjektet
Morten Haveraaen, spesialrådgiver Statsbygg 

12:40 Livsvitskapsbygget – frå teiknebrettet til verkelegheit 
Randi Mandt, Ratio arkitekter AS

12:55 Brukarmedverknad – kva og korleis?  
Ole Andreas Økstad, UiO

13:05 Innovasjon, samfunns- og næringslivskontakt i livsvitskapsbygget
Morten Egeberg, administrativ leiar UiO:Livsvitenskap, medlem av arbeidsgruppa som skal gi innspel til ny eining for innovasjon, næringslivs- og samfunnskontakt i livsvitskapsbygget. Han fortel om kva innspel UiO fekk på innspelskonferanse for eksterne aktørar 14. november.

13:15 Satsinga UiO:Livsvitenskap
Carl Henrik Gørbitz, direktør UiO:Livsvitenskap

13:25 Fagleg utvikling mot livsvitskapsbygget 
Per Morten Sandset 

13:35 Ope for spørsmål/diskusjon  

Publisert 2. nov. 2018 10:55 - Sist endra 2. des. 2019 15:51