English version of this page

Nyheitsbrev frå UiO:Livsvitenskap september 2019

Av Norunn K. Torheim
Publisert 23. sep. 2019

Følg med på bygginga av Livsvitskapsbygget ved UiO

Livsvitskapsbygget blir Noregs største forskings- og undervisningsbygg når det står ferdig i 2024. Bygget skal bidra til auka verdiskaping og internasjonal konkurransekraft innan livsvitskap. Etter at statsminister Erna Solberg tok første spadetak i februar, har byggherre Statsbygg og entreprenøren HENT AS kome eit godt stykke vidare med byggeprosjektet.

Bli med oss på arrangement dei neste dagane og vekene

Forskingsdagane 24. september:
I want you to panic – utdanningssektoren si rolle i klimakrisa

Skal universitetet spele ei rolle i å løyse klimakrisa? Kva effekt har skulestreikane? Korleis utdannar vi studentar til eit meir berekraftig arbeidsliv? Og må professorane fly så mykje? Studentparlamentet ved UiO og UiOs tre store tverrfaglege satsingar, UiO:Livsvitenskap, UiO:Energi og UiO:Norden, inviterer til debatt på Kulturhuset.

Karriereveka 25. september: 
Korleis bli ein del av satsinga på livsvitskap og helsenæring i Oslo?

UiO satsar stort på livsvitskap og ønsker å bidra til ny helsenæring. Thermo Fisher Scientific er eitt av firmaa som har lykkast med å ta norske forskingsresultat vidare til bruk over heile verda, samtidig som dei har bevart aktivitet i Noreg. Kva ser dei etter hos studentar frå UiO, og kva kan dei tilby? Møt òg ein ung forskar frå UiO:Livsvitenskaps innovasjonsprogram SPARK Norway.

EdTech-dag Oslo Innovation Week 25. september
Erfaringar frå digitalt univers i livsvitskap og bioteknologi

UiO:Livsvitenskap, Bioteknologirådet og Edtech-selskapet Creaza har utvikla eit digitalt univers i livsvitskap og bioteknologi for ungdomsskulen. På EdTech Day vil Creaza, som er medlem av Oslo Edtech Cluster, dele erfaringar frå prosjektet.

Forskingsdagane 26. september: 
What is my phone doing in Africa?

Kva skjer med mobiltelefonen din når du kastar den? Korleis kan den ende opp som elektronisk avfall i Tanzania? I UiO:Livsvitenskaps tverrfaglege forskingsgruppe AnthroTox jobbar naturvitarar og sosialantropologar saman om handtering av elektronisk avfall. Møt dei på Litteraturhuset.

SPARK Norway Educational Forum 9. oktober:
Repurposing

Nye bruksområde for legemiddel kan gi nye pasientgrupper tilgang på medisinar med kjent risikoprofil. Kva ser industrien etter når dei vurderer å investere i såkalla repurposing-prosjekt? Kva er regelverket på området? Korleis handterer ein immaterielle rettar (IP)? Månadleg ope møte i regi av UiO:Livsvitenskaps innovasjonsprogram SPARK Norway.

Gikk du glipp av...

  • Forskingstorget 20. og 21. september: Torsken og du!
    UiO:Livsvitenskaps tverrfaglege forskingsgruppe COMPARE jobbar med immunsystemet til menneske og torsk. Postdoktor Monica Hongrø Solbakken frå Institutt for biovitskap og stipendiat Silje Morsman frå TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur let små og store mikroskopere, høyre lyden av torsk og delta i den store torskequizen.

    • Mottakarar av nyheitsbrevet kunne óg prøve seg på quizen og bli med i trekninga av fin premie. Svarfristen for det var 27. september.

  • Frukostmøte på Nationaltheatret 11. september: Verdien av havet
    Kva skulle vi gjort utan havet? Inspirert av Nationaltheatrets oppsetting av Havboka, eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider av Morten Strøksnes, dykka vi ned i det mørke, store, blå saman med forskarar frå UiO og kunstnarar. 

Hugs òg å halde av 10.–13. februar 2020 til Oslo Life Science-konferansen som har 5-årsjubileum i 2020!

Utlysingar

Arrangement med støtte frå UiO:Livsvitenskap

Nytt frå konvergensmiljøa

I mars peika UiO:Livsvitenskap ut åtte nye tverrfaglege forskingsgrupper – konvergensmiljø – som skal løyse store samfunnsutfordringar. Dei har fått totalt 29 stipendiat- og postdoktorstillingar. 

Treng vi ein ny definisjon av valdtekt i lova?

I Noreg og Europa kjempar aktivistar for å endre valdtektslovgivinga slik at valdtekt blir definert som sex utan samtykke. Dette vil verken endre eller løyse noko særleg av problemet, meiner forskarane i konvergensmiljøet Evidently Rape. Dei forskar på korleis medisinen, retten og folk flest forstår fysiske bevis i valdtektssaker og følgjer fysiske bevis frå dei blir henta inn til dei blir lagt fram i retten. Les saka på forskning.no

Ledige stillingar

  • Protons contra cancer (PROCCA) vil lage ein framifrå plattform for samarbeid innan protonterapi i Oslo og blant anna sjå korleis ein kan redusere kortsiktige og langsiktige biologiske biverknader av strålebehandling. Les meir (på engelsk).
  • Medical, legal and lay understandings of physical evidence in rape cases (Evidently Rape) vil undersøke kva betyding fysiske bevis har – og kan ha – for korleis valdtekter blir behandla av medisinske og rettslege organ. Les meir (på engelsk).
  • Rediscovery of medicinal plant usage in the “Age of Exploration”: From cultural historical heritage to innovative pharmaceuticals (REA:Life) vil avdekke prosessane som har forma den sosiale og kulturelle utviklinga av medisin og identifisere bioaktive stoff i historiske medisinplanter ved hjelp av moderne analysemetodar. Les meir (på engelsk).

Symbol UiO:LivsvitenskapMeld deg på nyheitsbrevet.

Følg UiO:Livsvitenskap på Twitter.

Personvernerklæring UiO:Livsvitenskaps nyheitsbrev.

Publisert 23. sep. 2019 10:04 - Sist endra 26. okt. 2023 07:43