Podkast: Har norske lærarar fått berøringsangst for rasisme?

Dei siste åra har erfaringsforteljingane om rasisme eksplodert i offentlegheita, men mange lærarar er usikre på korleis dei skal snakke med elevane om temaet. Somme har fått nok av det såkalla krenkingshysteriet, andre er opptatt av å ikkje trø feil.

Ung farga kvinne som står utanfor ei gruppe andre unge. Foto

– Lærarar har ei plikt til å inkludere alle elevar, både den som krenkar andre og den som blir krenka, seier Silje Førland Erdal, universitetslektor ved Universitetet i Oslo. Illustrasjonsfoto: COLOURBOX

– Skulen er ein primærarena for elevars opplevde rasisme, og då nyttar det ikkje å feie temaet under teppet, seier Silje Førland Erdal som er universitetslektor i samfunnsfag ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, Universitetet i Oslo.

Nulltoleranse er ein like dårleg strategi, ifølgje universitetslektoren, sjølv om ho godt veit kva står på spel når tematikken vert tatt opp i klasserommet. Så korleis kan norske lærarar kome meir på bana i dette polariserte landskapet?

Det dei treng, er å skaffe seg kompetanse om korleis dei kan gå inn i vanskelege samtalar eller situasjonar med elevane, meiner forskarane vi har snakka med i denne episoden av podkastserien Universitetsplassen.

Kritisk mangfaldskompetanse

– Vi kan aldri vere hundre prosent budde på alle reaksjonar som kan oppstå i klasserommet, men vi kan lære oss enkelte strategiar, seier Erdal.

Og det gjer lærarane lurt i. Rasisme er nærast som ein kulturarv å rekne, slike tankar og haldningar bur i oss alle, inkludert tilsette på skulane. Denne «arven» kan møtast ved å lære seg å tenke enda breiare på mangfald; å utvikle sin eigen kritiske mangfaldskompetanse.

Claudia Lenz, landets einaste professor i førebygging av rasisme og antisemittisme, tilsett ved MF Vitenskapelig høgskole, understrekar at mange krenkingar skjer utan intensjon.

– Lærarane må vere medvitne om korleis dei diskriminerande mekanismane utspeler seg inni dei sjølve og i og utanfor skulen. Skulen er ikkje ei øy, men ein del samfunnet, seier ho.

Bildet kan inneholde: smil, ledd, frisyre, skulder, ansiktsuttrykk.
Silje Førland Erdal (t.v.) og Claudia Lenz oppfordrar lærarar til å skaffe seg kompetanse om korleis dei kan gå inn i vanskelege samtalar og situasjonar med elevane. Foto: Shane Colvin/UiO

Men dette er ikkje nødvendigvis ei lett øving.

– Det å bli utfordra i si eiga verkelegheitsforståing, å ta innover seg at munnhell ein til no har oppfatta som uproblematisk og «heilt normalt» vert opplevd som problematisk og belastande av andre, kan vekke eit ubehag og utløyse motstand. Det er difor svært viktig at læraren ikkje blir redd for å trakke feil, seier Lenz.

– Redselen har blitt sterkare dei siste åra

Likevel registrerer dei to lærarutdannarane at mange lærarar og lærarstudentar har fått ein berøringsangst med tematikken dei siste åra.

– Redselen ser ut til å vere sterkare no enn han var for berre ti år sidan, seier Erdal.

I 2015 kritiserte FN Norge for å ikkje ville ta i ordet rasisme. Samstundes har rasistisk motiverte drap både her til lands og i andre land, Black Lives Matter-rørsla, 22. juli-markeringane og folks personlege erfaringar med rasisme, som no blir fyldig dekt i media, brakt tematikken nærare oss.

Me i staden for å auke toleransen, ser det ut til å at gapet i haldningar vert djupare. Ifølgje Lenz oppstår vanskane når rasismetematikken vert kopla til sterk moralsk fordømming.

– Når grensene for kva vi oppfattar som rasisme vert utvida, står den enkeltes sjølvbilde og moralske integritet på spel. Dette bidrar til at sterke følelsar kan kome i sving – både hos elevane og hos læraren, seier Lenz.

– Vi lever med ei antirasistisk norm i dag, ein skal jo ikkje være rasist, seier Erdal.

Begge to fryktar at desse faktorane samla kan gjere det vanskeleg for lærarar å handtere samtalen om rasisme i klasserommet på ein god, pedagogisk måte.

Med plikt til å inkludere

– Slike samtalar er krevjande fordi ein aldri kan vere heilt budd på kva for situasjonar som oppstår i klasserommet. Det kjem blant anna an på kven elevane er, kva for bakgrunn dei har og korleis relasjonen mellom elevane og mellom læraren og elevane er, seier Erdal.

Difor er det viktig at lærarane utviklar ein profesjonskompetanse som kan gjere dei tryggare i slike situasjonar. Til dømes ved å førebu seg på tenkte scenario, tenke: Kva gjer eg dersom nokon seier noko hatefullt i klasserommet?

– Generelt kan vi seie at lærarar har ei plikt til å inkludere alle elevar, både den som krenkar andre og den som blir krenka, seier Erdal og rådar dei til å førebu seg ved å øve inn nokre strategiar.

– Når grensene for kva vi oppfattar som rasisme vert utvida, står den enkeltes sjølvbilde og moralske integritet på spel.

Det kan vere å møte elevane som ytrar noko hatefullt med nye spørsmål, såkalla empirisk nysgjerrigheit, og å spørje kvifor det er viktig for den som krenker å bruke akkurat dei sårande orda.

– Ein annan strategi kan være å stoppe, seie at du er usamd i det eleven seier, og at du treng tid til å tenke på korleis vi skal snakke om dette i klasserommet, legge utsegnet i kjøleskapet, så å seie. Slik viser du at du tek hendinga på alvor samstundes som du kjøper deg tid, seier Erdal.

Dette og avstandstakande metodar er døme på strategiar studentane trenar på i lærarutdanninga ved Universitetet i Oslo, der både Erdal og Lenz underviser. Slike strategiar snakkar dei to mykje om i episoden.

Lite kunnskap om lærarars rasismekunnskap

Men kva kunnskap har norske lærarar om rasisme og andre former for diskriminering? Det veit vi ifølgje Lenz og Erdal fint lite om. Her trengst meir kunnskap.

– Når det er sagt, har ordet rasisme stått i læreplanen i mange år. Elevane har krav på ei undervisning som både tek opp på årsaker til rasisme, sett i eit historisk perspektiv, og tiltak som kan bidra til å førebyggje rasisme og andre former for hat i framtida, seier Erdal.

Fleire lærarar i barne- og ungdomsskulen har byrja å bruke handboka til Tinashe Williamson i undervisinga si. Det synest Erdal og Lenz er eit godt grep. Foto: Skjermdump frå Cappelen Damm

På 7. trinn skal elevane ifølgje Utdanningsdirektoratet «drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering».

Etter 10. trinn skal elevane kunne «gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som Holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast»

Heile skulen skal med

Både Erdal og Lenz arbeider i skulesatsinga DEMBRA, Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme, som arbeider for å hjelpe heile skular med å takle diskrimerande åtferd.

– Arbeidet tek utgangspunkt i skulens spesifikke utfordringar og støttar dei tilsette i arbeidet med å utvikle heilskaplege arbeidsmåtar mot fordommar og utanforskap, fortel Lenz.

Naturfag og kroppsøving kan til dømes vere viktige arenaer der elevane kan lære å reflektere kritisk rundt normforestillingar relatert til kropp og identitet.

– Men ansvaret for å motverke rasisme og anna diskrimering kan ikkje kvile på enkelte fag eller eldsjeler. Både skuleleiarar, lærarar og andre tilsette må dra i same retning og saman reflektere over kva for felles verdiar og kva for pedagogiske og fagdidaktisk perspektiv ein skal jobbe ut i frå, seier Erdal.

– Ein annan strategi kan være å stoppe, seie at du er usamd i det eleven seier, og at du treng tid til å tenke på korleis vi skal snakke om dette i klasserommet.

Elevars opplevde rasisme avgrensar seg altså ikkje til undervisingssituasjonen og klasserommet, difor arbeider skulesatsinga med heile skulen.

– Det stygge skjellsordet vert ropt i gangen, utestenginga av eleven som dei andre meinar ikkje passar inn, skjer i friminutta eller i SFO-tida. Difor trengst alle dei vaksne til å fange opp og handtere problematiske hendingar, seier Lenz.

Dembra for lærarutdanninga, som ho leier og som Institutt for lærarutdanning og skuleforsking er ein del av, byrjar endå eit steg tidlegare; med å gje lærarstudentar den profesjonskompetansen dei treng for å fange opp, handtere og motarbeide fordommar og rasisme.


Lytt til meir frå Universitetsplassen podkast

Universitetsplassen er ein forskarbasert podkast om samfunnet produsert av Universitetet i Oslo. Her møtest både unge og erfarne forskarar for å snakke om det dei meiner er viktig og aktuelt, saman med gjestar frå norsk samfunnsliv. 

Lytt i Apple podcasts

Lytt i Spotify


Emneord: rasisme, diskriminering, Pedagogikk Av Monica Bjermeland, Det utdanningsvitskaplege fakultet
Publisert 20. jan. 2022 10:35 - Sist endret 21. jan. 2022 15:47