English version of this page

Styreval

Tilsette og studentar ved Universitetet i Oslo vel interne medlemmer til universitetsstyret. Ordinære styreval blir gjennomført kvart fjerde år, mens representantane for dei mellombels vitskapleg tilsette og studentane blir valde kvart år.

Styreval 2026

Tidligare styreval

Samansetjing av styret

KategoriFunksjonstid
Rektor (styreleiar, prorektor er fast vararepresentant)Fire år
To representantar for fast tilsette i vitskaplege stillingar (to vararepresentantar)Fire år
Ein representant for mellombels tilsette i vitskaplege stillingar (to vararepresentantar)Eitt år
Ein representant for teknisk og administrativt tilsette (to vararepresentantar)Fire år
Fire eksterne representantar (to vararepresentantar)Fire år
To representantar for studentane (to vararepresentantar)Eitt år

Eksterne styremedlemmer blir utnemnde av departementet etter framlegg frå det avtroppande styret. Vala er regulerte av lov om universitet og høgskular og Valreglement for Universitetet i Oslo.

Publisert 28. juni 2011 14:57 - Sist endret 16. mars 2026 14:29