Dersom det har skjedd formelle feil ved eksamen, kan det opphavlege sensurvedtaket bli oppheva og det kan bli gjennomført ny sensur eller arrangert ny eksamen. Du kan klage på det nye resultatet i tråd med reglane om klage på karakter.
Frist
Fristen for å klage er tre veker etter at du er eller burde vere kjend med tilhøva som ligg til grunn for klagen.
Dersom du har bedt om grunngjeving eller klaga på karakteren, vert fristen for å klage på formelle feil rekna frå det tidspunktet du har fått grunngjevinga for karakteren eller resultatet frå klagen på karakteren.
Behandlingstid
Klager blir vanlegvis behandla innan ein månad. Dersom det tek lenger tid, får du melding om dette. Når resultatet er klart, får du melding i brev eller e-post.
Korleis klage
Fyll ut nettskjema for å klage på formelle feil ved eksamen ved fakultetet ditt:
Problem med å logge på? Kontakt IT-hjelp.
Slik blir klagen behandla
Fakultetet tek imot klagen. Dersom du brukar nettskjema, får du ei kvittering på e-post.
Fakultetet vurderer klagen og gir deg eit svar. Dersom fakultetet ser at det har skjedd formelle feil ved eksamen, vil fakultetet setje i verk tiltak for å rette feilen i tråd med universitets- og høyskoleloven § 11-9:
"Dersom institusjonen mener det er begått feil som kan ha hatt betydning for studentens prestasjon eller for sensurvedtaket, skal institusjonen oppheve sensurvedtaket. Dersom feilen kan rettes ved ny sensur av innleverte arbeider, skal institusjonen gjennomføre ny sensur. Dersom feilen ikke kan rettes ved ny sensur av innleverte arbeider, skal institusjonen avholde ny eksamen med nye sensorer."
Dersom fakultetet ikkje tek klagen til følgje, vil fakultetet sende den til UiO si nemnd for studentsaker.
Du kan klage på det nye resultatet i tråd med reglane om klage på karakter.
Du har rett til å trekkje klagen din inntil saken er avgjort.
Spørsmål?
- Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.
- Student på sommerskolen, send epost til iss@admin.uio.no