English version of this page

Sjuk på eksamen

Vårsemesteret 2020 har UiO innført eigenmelding ved eksamensfråvær. Dersom du er sjuk eller i karantene når du skal ha eksamen, kan du sende melding i nettskjema utan å legge ved dokumentasjon. 

Anledninga til å bruke eigenmelding ved eksamensfråvær gjeld for alle eksamensformer, også innleveringar, munnlege eksamenar og masteroppgåver. 

Dersom du er sjuk eller har annan gyldig grunn til ikkje å ta eksamen, kan du få godkjent gyldig fråvær. Med gyldig fråvær brukar du ikkje eit forsøk, og du kan søkje om utsett eksamen eller utsett innleveringsfrist.

Kva er gyldig fråvær?

Gyldig fråvær kan bli godkjent på grunnlag av følgjande:

  • Sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorgsansvar for.
  • Heimekarantene eller heimeisolasjon på grunn av koronaviruset. 
  • Fødsel.
  • Dødsfall i nær familie.
  • Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll.

Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll kan vere til dømes militærteneste, rettssaker eller politisk representasjon. Også idrettssamlingar eller kulturarrangement på høgt nivå kan bli godkjent.

Ved lengre sjukdom i førebuinga til eksamen bør du vurdere å søkje permisjon.

Slik melder du frå

Fyll ut nettskjema om eigenmelding ved fråvær frå eksamen:

Du treng ikkje laste opp dokumentasjon på fråværet, uavhengig av fråværsgrunn.

Fristen er ei veke etter eksamen. Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller helgedag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.

Ved alvorleg sjukdom kan fakultetet gi dispensasjon frå fristen.

Spørsmål?

Kontakt infosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 12. mars 2020 13:43 - Sist endret 26. mars 2020 19:14