Skinnjakka - frå punk til allemannseige

Skinnjakka var i lengre tid eit symbolsk plagg forbeholdt mennesker som identifiserte seg med enkelt subkulturar typ biker og/eller punk/rock kulturen. Dette endra seg gradvis i løpet av 90-talet og er i dag eit plagg tilhøyrande mange ulike grupper, frå daglegdags mainstream til high fashion, så vel som det endå står som eit sterkt symbol for subkulturane den fyrst var assosiert med. Eg skal prøve å sjå på kva ulike komponentar har vore med på å få i gong dette skiftet, samt prøve å forklare korleis populærkulturen, representert i denne bloggposten som Kate Moss, har vore med på å bidra til dette skiftet. 

Kate Moss i skinnjakke. Foto: Catherine McGann / Getty Pictures

 I kjølvatnet av 80-talets glamrock periode kom 90-talet med sin betydleg meir nedtona grunge periode med Kurt Cobain i spissen. Det var rivne levis-bukser, utvaska flanelskjorter, dongerijakker og skinnjakker. Det som eg legger mest merke til når eg ser tilbake på denne perioda, så vel som på 80-talet er den kulturelle statusen knytta til skinnjakka. Skinnjakka var fyrst og framst forbehalt rock'n'roll og motorsyklar. To element som gjerne overlappa med kvarandre. Ei skinnjakke symboliserte eit tilhøyre til haldningar endå synonymt med Marlon Brando's "Wild One". I dag er skinnjakka ikkje berre eit klenodie tilhøyrande subkulturane frå 60-, 70- og 80-talet. Der har skjedd eit paradigmeskifte som har tillete jakka å bli ein del av det kvardagslege og samstundas såvel blitt forankra som eit ikonisk moteantrekk. For å forstå korleis dette skjedde verkar det for meg svært naudsynt å sjå med eit tilbakeskuande blikk til 90-talet, der eg opplever at skiftet sakte forankra seg. 

Musikkmessig og stilmessig, med henhald til skinnjakka og punkrock, kan ein difor å sjå på Kurt Cobain som ein vidareførande komponent i skinnjakkas hegemoni. Likevel blir det feil å påstå at det er av hans grunn åleine at skinnjakka har fått sitt fotfeste som både mainstream og eksklusiv vare. 90-talet var nemleg også eit tiår då modellane kom som ein eigen kategori av kjendisar og ordet supermodell vart snarleg i løpet av eit tiår velkjent og velbrukt. Det som for meg verkar spesielt med denne utviklinga er det skiftet som opptrår i definisjonen kjendis, som skal vise seg å vere relevant og korrelaterande med skinnjakka sitt statusskifte frå kultsymbol til allemannseige. Ein kjendis var framtil dette ein person som grunna sin kompetanse (eller manglade så) vart kjend og idolisert. Det var artistar, kunstnarar, skodespelarar, politikarar, som alle vart kjende for å representere sitt yrke, sitt talent, og, sjølvsagt, sin utsjånad. 90-talets supermodellboom rista ved denne forankra kjendisrollen, dette var kvinner (og menn) som representerte tilsynelatande berre sin eigen utsjånad. I hovudsak kan ein sei at supermodellane vart kjendisar basert på sin intetsigande skjønnhet, og vart såleis mystiske, nærmast mytiske, mennesker, representert gjennom utsvevande jetset-liv og velsigna utsjånad. Noko som skulle bety ein marknads-renessanse for skinnjakka. 

Kate Moss, i dag kjend som ei av dei aller mest kjende og suksessfulle modellen gjennom tidene. Har sidan sin debut som modell på 90-talet vore kjend som eit populærkultur fenomen. Ikkje berre var ho kjend som ein vakker modell dei fleste store designerar ønskte å jobbe med, men hennar privatliv, hennar svevande jetset-liv, dei kjende kjærastane og eit problematisk forhald til rus gjorde ho til ein kjendis basert på sitt eige privatliv. Det var ho privat, kanskje meir, om ikkje det så likeverdig, appelerte til mennesker. Ho som profesjonelt moteikon vart overført til hennar rolle som privatperson. 

På bildet over tatt av Catherin McGann ser vi Kate Moss ein gong på tidleg 90-talet. Bildet er tatt med hard blitz og er i svart kvitt og vi ser Moss iført ei svart, slitt skinnjakke. Om dette er ei "Perfecto"-jakke er vanskeleg å sei, mest sannsynleg ikkje, men at den er i samme stilart er uungåeleg. Under er eit anna bilde av Kate Moss, her saman med dåverande kjærast Johnny Depp.. Dette bildet er også fotografert av Catherin McGann samme kveld som det overordna bilde og er såleis i samme stil. Her ser vi Moss og Depp sammen tilsynelatande på veg frå ei tilstelling, begge ikledd svarte, slitte skinnjakker. 

Foto: Catherin McGann

Det som slår meg som relevant med Catherin McGann sine bilder er korleis ho framstiller Moss både einsam og saman (og då som leiande og aktiv i bildet i motsetnad til Depp som framstår passiv og etterfølgande). Moss var personleg på dette tidspunkt berre kjend for sitt virke som modell, då spesielt for merket Calvin Klein, og som Johnny Depps modellkjærast. Likevel var interessa for Moss enorm. Johnny Depp som på dette tidspunktet var ein annarkjend skodespelar kjend for filmane han spelte i samt også rebelske tendensar og utsvevande fest- og kjærleiksliv og fall såleis innanfor "Rebel without a cause"/"Wild One" kategorien. Der Depp tydleg markert eit slags tilhøyre til det subkulturelle, sto Moss i mykje større grad i eit dualistisk forhald til det heile.

På den eine sida representerte ho privat eit tilhøyre til ein subkulturelle rock'n'roll livsstil, men profesjonelt som modell appelerte ho samstundes til eit mykje større spekter av mainstream kultur som knytta seg meir mot det allmenne. Dette var ein særdeles unik posisjon. Ho var tilgjengeleg for mennesker til tross for sosiale samhøyre, idolisert av mennesker som ikkje naudsynt idoliserte livsstilen, men ho og hennar estetiske klesstil. Dette vil eg påstå var ein viktig komponent som var med på å skilje skinnjakka frå sin til då forankra posisjon som eit rock'n'roll klenodie til å bli eit mainstream produkt tilgjengeleg for dei aller fleste. Det er forøvrig viktig å påpeike at Kate Moss her på ingen måte var åleine i dette skiftet, og er i denne forstand brukt som eit symbol for dei fleirfaldige komponentane i populær kulturen og samfunnets forhald til kjendisar og mote og korleis det endra seg i løpet av dei siste 15 til 20 åra. 

I dag ser vi konsekvensane av denne utviklinga frå 90-talet. Skinnjakka sitt symbol innanfor rock og punk, så vel som innanfor bikermiljøa er like forankra og trygg som den alltid har vore. Likevel har plagget også forankra som eit kvardagsplagg ein kan bruke uavhengig av desse miljøa og utan å bli automatisk assosiert som ein del av det eine eller det andre. Det er eit plagg som blir solgt for fleirfaldige tusenvis av moteselskap som Chanel, Balenciaga, Balmain mm. og er såleis også forbehaldt som eit luksusplagg for dei motebevisste og økonomisk velståande. Samstundes som det er tilgjengeleg på dei absolutt aller fleste kjedebutikkane for alt mellom ein 200-lapp og oppover, tilgjengeleg for mennesker innanfor dei allerfleste økonomiske bakgrunnar. Skinnjakka har såleis blitt noko for alle og på tvers av dei aller fleste sosiale og kulturelle ståpunkt.

Av Kristina Aurore Kvåle
Publisert 30. okt. 2015 19:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

About-image

Denne bloggen

Dette er bloggen til emnet KUN2201/4201 Designkultur: Ti ting. Her skriver studentene om sine selvvalgte gjenstander og hvordan disse kan forstås i et designkulturelt perspektiv.