The Perfecto Leather Jacket

Marlon Brandon, James Dean, Sid Vicious, The Ramones, The Sex Pistols, omtrent alle som eiger ein Harley Davidson (eller motorsykkel i den grunn), og i dag omtrent alle i det vestlege samfunnet. Den svarte bikerjakka har gått frå å vere eit behovsprodukt for motorsyklistar til å bli transformert til eit ikonisk plagg, både innan musikk, kultur og moteverda. Eg ønsker å ta ein kikk på bikerjakka si historie og utvikling, frå den aller fyrste jakka frå 1928, til dagens masseproduserte jakker.

The Ramones var med å gjorde "The Perfecto" til eit ikonplagg på 70-talet. 

Bilde: Rex/Everett Collection

Irving Schott er namnet på mannen som i 1928 designa det som skulle bli eit av dei absolutt mest ikoniske klesplagga gjennom det 20. århundre og inn i det 21. århundre. Jakka, ei svart skinnjakke med glidelås i staden for knappar, var designa for å beskytte motorsyklistar frå vind og kulde medan dei sykla og fekk det passande namnet the Perfecto etter Irving Schott sin favoritt sigar. Mange produsentar, som til dømes Sears og Harley Davidson, har i etterkant solgt og distribuert liknande jakker, men sjølve Perfecto er registrert med patent til selskapet Schott NYC. 

Jakka, som originalt var laga geiteskinn, kuskinn og hesteskinn, var ikkje berre revolusjonerande for motorsyklistar i den forstand at glidelåsen hindra vind på ein måte knappane på tidlegare motorsykkeljakker ikkje evna, designet i sin heilskap var produsert for å vere så funksjonabel og behageleg som mogleg for syklistane. Ved å possisjonere glidelåsen assymetrisk, med en beskåret passform, gjorde at syklistene enkelt kunne lene seg over syklene uten at jakken skar inn mot kroppen. D-formede jakker og jakkeomslag som folda seg ned mot jakka og som også kunne kneppast fast, gjorde at jakka raskt vart populær blant bikerane. 

The Perfecto var dei fyrste tiåra av sin produksjon mest solgt i brunt skinn, dette skulle derimot endre seg radikalt, mykje grunna den ikoniske Hollywood filmen "The Wild One" frå 1953, med Marlon Brando i hovudrolla. I filmen spelar Brando karakteren Johnny Strabler, leiar av the Black Rebels Motorcycle Club (BRMC). Jakka gjorde seg såleis som ikonisk assosiert med ein rebelsk bikerkultur. Ein kan såleis sei at det var Brandons svarte Perfecto, med hovudskalle brent inn i læret, som var med å gjere jakka kjend og etterspurt også utanfor bikermiljøet. Den vart etterkvart ikkje berre ikonisk i filmens verd, men vart etterkvart eit uungåeleg element i ulike musikkmiljø, og då spesielt innan Punken som hadde sin framveks på slutten av 60-talet og 70-talet. Store kjende artistar, som the Ramones, the Sex Pistols, Debbie Harris og Bruce Springsteen for å nemne nokre, hadde den svarte bikerjakka som eit nøkkelement av sin stil. 

I dag er den svarte bikerjakka nærmast ein sjølvfølge i vestleg kultur. Ein kan kjøpe billege imitasjonar for firehundre kroner eller meir i falskt skinn hjå dei aller fleste kleskjedene i Noreg. Jakker produserast ikkje berre til kvinner og menn, men også til barn ned i nyfødt alder. Den svarte skinnjakka i dag er noko dei aller fleste på eit eller anna nivå har eit forhald til, eiger eller har eigd på eit tidspunkt i sitt liv. Eg hugsar sjølv den store fascinasjonen for den tunge, svarte jakka som onkelen min eigde då eg var yngre. Spesielt hugsar eg då eg og bror min som seks og sju åringar sat heime hjå farmor og med store auger og bankande bringer fekk lov å sitte med onkelen min og bandet hans gjorde seg klare for konsert. Det var ein svart affære. Svarte jeans, svarte t-skjorter (gjerne med ein Bad Religion eller Rolling Stones logo på), svarte negler, svart hår, naglar, kjettingar, og ikkje minst som toppen av kransekaka, så svingte han den svarte skinnjakka over skuldrane sine på vegen ut døra. Det var noko mystisk over det heile, noko lokkande. Ingen hadde nokon sinne før vore så kul, så nær og så fjern for oss som vår onkel var i det augeblikket. Og kanskje er det nettopp der den svarte jakka sneik seg inn i mitt medvite? Sjølvsagt har massemediene og klesbutikkane gjort sin del for at eg personleg har eigd eit mangfald av billige jakker eg har mista eller vakse ut av seinare i mitt liv, men sjølve byrjinga. Sjølve bevisstgjeringa av at det i verda eksisterte noko slikt som ei svart skinnjakke. Ei magisk skinnjakke som transformerte deg frå ein heilt vanleg person til rockestjerne ved å berre ta den på, den tanken har nok alltid for meg vore tinga i musikken og punken, takka vere ein onkel i eit psykedelisk punkband i Ytre Nordfjord. 

Emneord: the perfecto, biker jacket, leather jacket, schott bros, marlon brando, schott nyc Av Kristina Aurore Kvåle
Publisert 9. okt. 2015 13:41 - Sist endret 9. okt. 2015 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

About-image

Denne bloggen

Dette er bloggen til emnet KUN2201/4201 Designkultur: Ti ting. Her skriver studentene om sine selvvalgte gjenstander og hvordan disse kan forstås i et designkulturelt perspektiv.