Dette emnet er nedlagt

NAVN2160 – Bruk, vern og forvaltning av namn

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Kurset gjev ei grundig innføring i namn som uttrykk for, og formidlar av, kulturelle verdiar og i argumentasjonen for namnevern i norsk og internasjonal samanheng. Norsk og nordisk namnelovgjeving, innsamling og forvaltning av namnemateriale med særleg vekt på stadnamn blir også teke opp.

Pensumomfang: 600-700 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Ut over ein generell namnefagleg kompetanse oppnår studentane ei forståing av korleis namn fungerer i samfunnet, kva dei formidlar av kulturhistorisk verdi, kva lovverket seier om bruk av stadnamn og personnamn, og korleis ein skal løysa dei offentlege namneoppgåvene. Pensum og undervisning har eit teoretisk og eit praktisk tilsnitt som vil setja studentane i stand til å løysa dei namnefaglege forvaltningsoppgåvene stat og kommune er pålagde etter lovverket og til å delta i tilsvarande arbeid i kulturfagleg samanheng.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Kunnskapar som svarar til emnet NAVN1100 – Innføring i namnegransking (nedlagt)

Undervisning

Seminarundervisning med 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Minst ei mindre kvalifiseringsoppgåve, skriftleg eller munnleg, skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Eksamen

Eksamen er ei munnleg prøve i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Anna

Obligatorisk erklæring vedrørende fusk skal leveres med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgaver og eksamensbesvarelser:

Obligatorisk erklæring bokmål
Obligatorisk erklæring nynorsk

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisning

Vår 2009

Eksamen

Når det vert gitt undervisning i emnet.

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)