NAVN4160 – Bruk, vern og forvaltning av namn 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Stadnamn, personnamn og andre namn som kulturarv og som kommunikasjon. Norsk og nordisk namnelovgjeving. Innsamling og forvaltning av namnemateriale, særleg stadnamn, normering og vern av namn. Offentlege namneoppgåver. Innanfor emnet skal kvar student velje eit spesialområde til fordjuping.

Pensumomfang: 700-800 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Studenten tileignar seg ei forståing av korleis namn fungerer i samfunnet, kva dei formidlar av kulturhistorisk interesse, kva lovverket seier om bruk av stadnamn og personnamn, og korleis ein skal løysa dei offentlege namneoppgåvene. Innanfor det valde spesialområdet skal studenten ha særleg grundige kunnskapar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Det er ein føremon å ha tatt NAVN1100 – Innføring i namnegransking (nedlagt).

Undervisning

Seminarundervisning med 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Minst ei mindre kvalifiseringsoppgåve, skriftleg eller munnleg, skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett frist i slutten av semesteret.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Anna

Obligatorisk erklæring vedrørende fusk skal leveres med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgaver og eksamensbesvarelser:

Obligatorisk erklæring bokmål
Obligatorisk erklæring nynorsk

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning
Vår 2009

Vår 2009

Eksamen
Vår 2009
Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)