Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet gir ei grundig innføring i etymologiske, filologiske, og kulturhistoriske sider ved personnamn, særskilt fornamn.

Hovudvekta ligg på norsk namnebruk, men også Norden og Europa tilbake til antikken blir dregne inn.

Innanfor emnet skal kvar student velje eit spesialområde til fordjuping.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • kjenne til og nytte kjeldene til norske personnamn frå norrøn tid til i dag
  • gjere greie for korleis personnamn er bygde opp, og kva som skil dei frå andre ord
  • gjere greie for hovuddraga i norsk personnamnutvikling frå norrøn tid til i dag
  • plassere norsk namneskikk inn i ein nordisk og europeisk samanheng
  • gjere greie for faghistoria og for teori og metodar i personnamnforskinga

Innanfor det valde spesialområdet skal studentane ha god oversikt over faglitteraturen og kunne analysere eit tematisk, geografisk eller historisk avgrensa materiale i høve til dei sentrale metodane i faget.

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot NAVN2162 – Personnamn (nedlagt)

Undervisning

28 timar seminarundervisning. Undervisninga er felles med NAVN2162.

Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve på 10-11 000 teikn utan mellomrom (ca. 5 sider) skal vera godkjend av faglærar før eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23 000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett frist i slutten av semesteret.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisningsspråk
Norsk